Her kan du fylgja ei sak

Høyesteretts Hus tegnet av byggets arkitekt Hans Jacob Sparre i 1903

Rettsforhandlingane i Høgsterett er nesten alltid munnlege og går i dei aller fleste tilfella for opne dører. Retten vert sett kl. 09.00 tirsdag til fredag med lunsjpause kl. 11.45 - 12.30. Saker som er beramma og tidspunkt for ankeforhandlinga finn du på sakslista.

Dersom du skal fylgje ei sak så legg inn nokre minutt ekstra til sikkerhetskontrollen i Høgsteretts resepsjon.

Det er trådlaust nett i Høgsteretts Hus. Gjestar registrerar sjølve sitte mobilnummer på gjestenettet og får tilsendt passord på sms. Passordet er gyldig for opptil tre einheiter i 12 timar.

Faste aktørar registrerar namn, epost og firma og kan koble til alle sine einheiter i eitt år. Søknad om fast konto må godkjennast i resepsjonen før ein får passord tilsendt.

I den enkelte saka blir retten sett med fem dommarar. Av omsyn til saksavviklinga arbeider Høgsterett i to parallelle avdelingar.

I visse tilfelle blir ei sak behandla i storkammer med 11 dommarar, eller i plenum av Høgsterett samla. 

Dommarane deltek etter ei skiftordning i begge avdelingane og i ankeutvalet.