Forsikringsoppgjer etter trafikkulykke

Høgsteretts dom 18. juni 2019, HR-2019-1153-A, (sak nr. 18-188052SIV-HRET)

If Skadeforsikring NUF (advokat Nora Lund Lefdal) mot A (advokat Einar Ingvald Skrøder Lohne)

Dommarar:  Endresen, Matheson, Bull, Bergh, Thyness

Ei kvinne var i 2007 utsett for ei trafikkulykke og pådrog seg skadar i nakke og skulder. Ho inngjekk i 2010 avtale med det ansvarlege forsikringsselskapet om erstatningsoppgjeret. Etter at ho seinare var blitt tilkjend uførepensjon som 100 prosent ervervsmessig ufør, kravde ho i 2016 ytterlegare erstatning for tapt inntekt. 

Høgsterett kom til at avtalen med forsikringsselskapet ikkje kunne reviderast i medhald av avtalelova § 36. 

Dommen gir rettleiing om kriteria for å sette til side avtalar om forsikringsoppgjer på grunn av etterfølgande omstende.

Les heile avgjerda