For advokatar

Som prejudikatdomstol behandlar Høgsterett ankar som har betydning utanfor den aktuelle saka, eller som det av andre årsaker er særleg viktig å få avgjort i øvste instans.

Dette stiller store krav til alle aktørane i ei ankesak – prosessfullmektigar, aktorar og forsvararar. Det er forventa at advokatar som møter for Høgsterett, har god kjennskap til saka, gode juridiske kunnskapar, erfaring i prosedyre og kunnskap om prosedyreteknikk.

Høgsterett har utarbeidd ei rettleiing for advokatar. Formålet med rettleiinga er å gi advokatane eit best mogleg grunnlag for å oppfylle krava som er stilte til dei, og å bidra til eit godt samspel mellom domstolen og advokatane i alle fasane av ei ankesak.

Rettleiinga gir svar på mange praktiske spørsmål om anke, anketilsvar, saksførebuing og prosedyre for Høgsterett. Ho gir også detaljert informasjon om krav og forventingar til skriftlege og munnlege innlegg og mange konkrete råd om korleis oppdraget i skranken kan løysast på ein god måte. Rettleiinga ligg i menyen til venstre.

Der ligg i tillegg retningslinjene for utarbeiding av digitale utdrag, som også er tatt inn i rettleiinga. Høgsterett ønsker at faktiske og juridiske utdrag blir utarbeidde digitalt.