Veiledning for advokatar

Som prejudikatdomstol behandlar Høgsterett ankar som har betydning utover den enkelte saka, eller som det av andre grunnar er særleg viktig å få avgjort i øvste instans. 

Dette stiller store krav til alle aktørane i ei ankesak – prosessfullmektigar, aktorar og forsvararar. Advokatar som møter for Høgsterett, må ha god kjennskap til saka, gode juridiske kunnskapar, erfaring i prosedyre og kunnskap om prosedyreteknikk. 

Høgsterett har utarbeidd ei rettleiing for advokatar. Formålet med rettleiinga er å gi advokatane eit best mogleg grunnlag for å oppfylle krava og i tillegg bidra til eit godt samspel. 

Rettleiinga gir svar på mange praktiske spørsmål om anke, anketilsvar, saksførebuing og prosedyre for Høgsterett. Ho gir også detaljert informasjon om krav og forventningar til skriftlege og munnlege innlegg og mange konkrete råd om korleis oppdraget i skranken kan løysast på ein god måte. 

Retningslinjene for utarbeiding av digitale utdrag er også tatt inn i rettleiinga. Høgsterett ønsker at faktiske og juridiske utdrag blir utarbeidde digitalt.