Personvern

Høgsterett har det redaksjonelle ansvaret for internettsidene til Høgsterett.

Informasjonskapslar (cookies) og Google Analytics

For at vi skal kunne utvikle og forbetre nettstaden vår, bruker vi Google Analytics. Dette er ei teneste for webanalyse som blir levert av Google, Inc. Google Analytics (GA). Tenesta nyttar "cookies" (informasjonskapslar), som er tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di. Dette blir gjort for å analysere korleis brukarane bruker nettstaden. Vi bruker desse opplysningane til å lage statistikk over kva sider som blir brukte, og kva sider som ikkje blir brukte, i tillegg til kva det blir søkt etter på den enkelte sida. GA kan også yte andre tenester i tilknyting til aktiviteten på nettstaden og bruken av Internett. Statistikken er ein viktig reiskap for å forbetre nettstaden for brukarane.

Informasjonen som cookien samlar inn om din bruk (mellom anna IP-adressa di) blir send til Google og lagra på selskapet sine serverar i USA. Vi har valt å leggje inn eit script som fjernar dei siste sifra frå IP-adressa di før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Analyseverktøyet kan da berekne kvar brukaren er plassert geografisk, men adressa kan ikkje nyttast til å identifisere den enkelte brukaren. Alle opplysningar ligg uansett under Google sine retningslinjer for personvern.

Informasjonskapslar kan avvisast og slettast

Du kan avvise bruken av informasjonskapslar på maskina di ved å justere innstillingane på nettlesaren din. Ver likevel merksam på at om du gjer det, vil du kanskje ikkje vere i stand til å nytte funksjonaliteten til nettstaden fullt ut. Ved å bruke nettstaden godtek du at Google behandlar opplysningar om deg på den måten og for det formålet som vi har gjort greie for ovanfor.

E-post 

Alle elektroniske førespurnader høyrer normalt inn under arkivlova med forskrifter og er omfatta av innsynsretten etter offentleglova. Det inneber at e-post kan bli tilgjengeleg for alle som ber om det.