Kva er Domstol.no?

Nettstaden Domstol.no er ein felles portal for alle domstolane i Noreg. Portalen inneheld informasjon og rettleiing om alt som er felles for norske domstolar.

Nettstaden Domstol.no er ein felles portal for alle domstolane i Noreg. Portalen inneheld informasjon og rettleiing om alt som er felles for norske domstolar.
Mange domstolar har også eigne heimesider. Der finn du informasjon om det som skjer lokalt, til dømes oversikter over tillyste saker, nye avgjersler og andre lokale nyheiter. Fleire domstolar vil i tida framover etablere slike sider. På portalen finn du oppdaterte lenkjer til dei domstolane som er på nett.

Det er Domstoladministrasjonen som er ansvarlig redaktør.

Korleis brukar eg Domstol.no?
Hovudmenyen finn du til venstre. Han gir deg ei oversikt over aktuelle tema, og ved hjelp av undermenyane kan du enkelt finne fram til informasjonen du søkjer. Nyheiter om domstolane finn du i nyheitsspalta på framsida. Der kan du også finne dei siste dommane som er publiserte på lovdata.no, i hovudsak dommar frå Høgsterett og lagmannsrettane.

Språkversjonar
Ved å klikke på høvesvis bokmål, nynorsk, sàmi og English får du tilgang til den delen av menyen som er produsert på dei ulike språka. All tekst er tilgjengeleg på bokmål, medan delar av teksta ligg føre på nynorsk, engelsk og samisk.

Søkjefeltet Finn din domstol
For å finne din domstol kan du skrive postnummeret ditt eller namnet på domstolen, byen eller kommunen i  søkjefeltet ved sida av noregskartet.

Søkjefeltet, øvst til høgre
Dette er eit fritekstsøk der du kan skrive inn ord og klikke på søk for å få alle treff på heile nettstaden.

Om domstolane er delt inn i fleire undermenyar
Generelt om domstolane gir ei innføring i korleis rettsvesenet er bygd opp og fungerer, maktfordelingsprinsippet, dei forskjellige rettsinstansane, domstolane sine oppgåver, dommarrolla osv. I dei neste undermenyane vert det gitt ei nærare forklaring på Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane, forliksråda og særdomstolane. Her finn du også ei oversikt over rettsgebyra.

Når eg skal i retten
Korleis er retten samansett i dei forskjellige rettsinstansane, og kven er aktørane i ei rettssak? Om du skal vitne, er part eller meddommar, eller berre vil vere til stades ved ei rettssak, kan det vere godt å vite noko om rollane og kven som er kven i rettssalen.

Ærend i domstolane
På dette menypunktet finn du informasjon om andre hendingar som gjer at du kjem i kontakt med domstolane, til dømes etter dødsfall, i samband med vigsel, konkurs, skilsmisse eller notarialstadfestingar.

Open framferd i domstolane
Kva for saker er opne for publikum, og kva for saker går for stengde dører? Har eg krav på å få lese avsagde dommar? Er sakspapira i ei sivil sak offentlege? Kva særreglar gjeld for pressa? Desse og andre spørsmål får du svar på her. Du kan også få ei oversikt over sidegjeremåla til kvar enkelt dommar.

Juridisk ordliste
Om du lurer på kva enkelte ord betyr eller ønskjer ei meir nøyaktig forklaring, kan du slå opp i denne ordlista. Klikk på første bokstaven i ordet i menylinja øvst på sida.