Meny

For at ingen skal måtte vere i tvil om ein dommar er uavhengig i ei sak, finst det eit register over såkalla sidegjeremål. 

Dette er ei oversikt over blant anna tillitsverv og investeringar  som ein dommar har ved sida av sitt arbeide. Denne sida gjev deg blant anna oversikt over kva som blir registrert og korleis du søkjer i registeret.

Reglane om registrering av sidegjeremål gjeld for dommarar i alle instansar inkludert dommarfullmektigane. Både faste og mellombelse dommarar er omfatta dersom dei er utnemnde eller tilsette for lengre tid enn ein månad.

Omgrepet sidegjeremål omfattar medlemskap, verv eller andre engasjement i eller for føretak, organisasjonar, foreiningar eller organ for stat, fylkeskommune eller kommune.


Søk i registeret

I oversikta er domstolane opplista alfabetisk. Bruk CTRL+F for å søkje.

Se sidegjøremålsregisteret (pdf)


Kva er registrert?

I utgangspunktet skal alle sidegjeremål skal registrerast, med unntak av

  • medlemskap i politiske parti, i trussamfunn, i interesseorganisasjonar og ideelle foreiningar
  • verv og liknande i ideelle foreiningar som har færre enn 100 medlemer
  • enkeltståande føredrag og liknande

Dette skal registrerast:

  • Investeringar i enkeltselskap som overstig NOK 200.000 på investeringstidspunktet eller eigarskap som overstig 10 % av selskapet. Registreringsplikta gjeld ikkje bankinnskot, aksjefond eller liknande. Storleiken på investeringa skal ikkje registrerast.
  • Tillitsverv i foreining, lag, organisasjon eller politisk parti med over 100 medlemer.
  • Medlemskap i brorskaps- eller søsterforbund, til dømes Frimurerlogen eller Odd Fellow.
  • Verv i private eller offentlege selskap.
  • Deltaking i utval, råd, nemnd eller liknande oppretta av det offentlege. Det same gjeld private tvisteløysingsnemnder og tilsvarande.
  • Anna verksemd som til dømes undervisning, sensur, forfattarskap, skilsdom eller andre typar verksemd.
  • Siste stilling før utnemning til dommar.

Eit sidegjeremål skal slettast frå registeret når det har gått meir enn tre år sidan gjeremålet vart avslutta.

 

Sida vart sist oppdatert: 19.04.2016, kl. 09:45