Meny

Ei frivillig gjeldsordning går ut på at skuldnaren (den som skuldar pengar) med hjelp frå namsmannen lagar eit forslag til avtale mellom skuldnaren og kreditorane hans om ei frivillig gjeldsordning.

Tre vekers frist for kreditorane

Denne avtalen blir så sendt ut til kreditorane som får ein frist på tre veker til å ta stilling til avtalen. Dersom kreditorane ikkje har late høyre frå seg innan fristen går ut, reknar ein dei for å ha godteke avtalen. Dermed er ei gjeldsordning komen i stand. Dersom nokon av kreditorane har motsegner mot forslaget til avtale, må dei skriftleg grunngje kvifor dei ikkje godtek forslaget. Skrivet må dei sende til namsmannen innan utløpet av fristen på tre veker.

Avtaleutkastet kan endrast

Søkjar kan endre forslaget sitt slik at det blir i tråd med kreditorane sitt ynske. Det er på dette stadiet at skuldnar, med bistand frå namsmannen, forhandlar med kreditorane i forsøk på å kome fram til ein avtale alle partar kan leve med.

Nettstaden til namsfogden i Oslo har meir informasjon om vilkår og søknad om gjeldsordning (lenkje til politiet.no).

 

Sida vart sist oppdatert: 19.12.2016, kl. 14:21