Meny

Tvungen gjeldsordning er eit alternativ om kreditorane og den som skuldar pengar, ikkje blir samde om ein avtale (frivillig gjeldsordning).

Domstolen tek stilling til tvungen gjeldsordning

Dersom skuldnar og kreditorane ikkje blir samde, og skuldnar vil oppretthalde forslaget sitt til avtale, kan han krevje tvungen gjeldsordning overfor domstolen. Namsmannen hjelper skuldnaren også i dette arbeidet. Krav om tvungen gjeldsordning må setjast fram for namsmannen før utløpet av gjeldsforhandlingsperioden. Kravet blir deretter sendt til domstolen som kallar inn skuldnaren og alle kjende kreditorar til eit rettsmøte. Forslaget til tvungen gjeldsordning blir lagt ved innkallinga. Kreditorane får ein frist på å setje fram skriftlege fråsegner i framkant av rettsmøtet. Dersom ei fråsegn ikkje viser at retten av eige tiltak skal nekte å stadfeste forslaget, skal fråsegna berre takast omsyn til dersom ho er komen retten i hende innan fristen og kreditoren samstundes sende ein kopi til skuldnaren.

Utfall av behandlinga ved domstolen

Domstolen skal stadfeste eit forslag til tvungen ordning dersom skuldnar oppfyller vilkåra i lova. Retten kan stadfeste ei gjeldsordning sjølv om kreditorane har motsegner.

Dersom eit forslag verkar støytande, det ligg føre ein saksbehandlingsfeil eller det ligg føre mange omtvista krav slik at det ikkje er grunnlag for å vurdere forslaget til skuldnar, skal retten nekte stadfesting. Dette vil seie at skuldnar ikkje oppnår gjeldsordning.

Dersom domstolen ikkje stadfester eit krav om tvungen ordning, kan skuldnaren søkje på nytt dersom hindringar som låg i vegen for å få gjeldsordning i fyrste omgang, blir avhjelpte. Ein skuldnar kan som hovudregel berre oppnå gjeldsordning éin gong. Det er derfor viktig at det blir sett fram forslag som er realistiske og som det er sannsynleg at ein skuldnar klarer å overhalde. Dersom ein skuldnar ikkje overheld avtalen med kreditorane sine, kan kreditorane når som helst krevje oppheving av ordninga. Dersom retten tek til følgje eit krav om oppheving av ei gjeldsordning, tyder dette at skuldnaren er tilbake der han starta, før han søkte om gjeldsordning.

Nettstaden til namsfogden i Oslo har meir informasjon om vilkår og søknad om gjeldsordning (lenkje til politiet.no).

Sida vart sist oppdatert: 04.04.2016, kl. 17:05