Konkurs

Konkurs betyr at du mister rådigheita over eigedelane dine, til fordel for kreditorane (dei du skuldar pengar). Rådigheita vert overført til eit kreditorfellesskap, som vert kalla konkursbuet.

Om konkursbuet

Konkursbuet vil foreta sal av eigedelar som kan seljast med overskot. Dersom konkursbuet har midlar att etter at omkostnadene ved bubehandlinga er dekka, vil desse delast mellom kreditorane. Dette skjer gjennom såkalla utlodding. Normalt vil skifteretten oppnemne ein advokat som bustyrar. Bustyraren har ansvar for den praktiske behandlinga av konkursbuet.
Det er tingretten som bestemmer om nokon skal erklærast konkurs. Både personar og firma som har varige betalingsproblem, og der verdien av eigedelane ikkje rekk til å dekke gjelda, kan erklærast konkurs. Dette vert gjerne formulert slik at ein må vere insolvent for å bli slått konkurs.

Kven kan kreve nokon konkurs?

Kreditor, det vil seie den som har pengar til gode hos ein annan, kan levere inn ei konkursbegjæring til tingretten. Det er eit vilkår at den manglande betalinga skuldast pengemangel og ikkje manglande betalingsvilje, til dømes på grunn av misnøye med eit utført arbeid. Dersom det siste er tilfellet, må kreditoren i staden ta ut stemning og gå til vanleg sivil sak ved domstolen. Ein person eller eit firma som er insolvent, kan og sjølv kreve å gå konkurs (kreve oppbud).

Kven betalar for konkursbehandlinga?

Den som krev nokon konkurs, må stille sikring for at kostnadene ved konkursbehandlinga vert dekka. Det er tingretten som fastset denne summen. Kostnadene til bubehandlinga vert alltid først dekka av aktiva i konkursbuet. Dersom det ikkje finst aktiva, eller dei ikkje rekk til å dekke bubehandlinga, må den som har lagt fram krav om konkursen, betale kostnadene. Dette ansvaret er (etter forskrift til konkurslova) avgrensa til ein maksimal sum (50 ganger rettsgebyret, altså kr 56 500,-).

Er det unnatak for lønnsgarantisaker?

Lønnsgarantisaker er unnatatt frå denne regelen. Dersom den som krev nokon konkurs, er lønnsmottakar som ikkje har fått utbetalt lønn eller feriepengar, betaler det offentlege kostnadene. Men det må vurderast om lønnskravet kan dekkast av den statlege lønnsgarantiordninga. For at det skal kunne dekkast av denne ordninga, må ikkje kravet vere for gammalt. Lønnstakarar må heller ikkje ha eigedel i eller leiarposisjon i det selskapet som vert kravd konkurs.
Dersom eit selskap eller ein person krev seg sjølv konkurs, krev det ikkje forskot for omkostningar ved konkursbehandlinga.

Kor skal kravet leverast?

Konkurskravet skal vere skriftleg. Dersom skuldnaren (den som skuldar pengane) er ein privatperson, skal kravet leverast til tingretten der skuldnaren bur. Dersom skuldnaren er eit firma, skal kravet leverast til tingretten der verksemda driv. Du bør ha kunnig rettleiing for å utforme konkurskravet. Til dømes kan skifteretten eller ein advokat kontaktast. Dersom konkurs vert kravd på grunnlag av eit ubetalt lønnskrav, kan staten dekke nødvendige advokatutgifter.

Kva skjer i skiftesaker?

Når tingretten har mottatt eit konkurskrav, vert skuldnaren vanlegvis innkalla til eit møte. Den som krev konkursen, vil og innkallast. Tingretten tar så stilling til om vilkåra for å åpne konkurs er oppfylt. Dersom skuldnaren ikkje møter, kan tingretten bestemme at han kan hentast av politiet. Alternativt kan det opnast konkurs utan at skuldnaren er til stades. Dersom skuldnaren vert gjort konkurs, oppnemner tingretten normalt ein advokat som bustyrar. Bustyraren vil gi nærmare rettleiing om kva det betyr å gå konkurs, mellom anna kva oppfølgingsplikter ein har ovafor konkursbuet. Skuldnaren har møteplikt etter innkalling frå bustyrar og i alle skiftesamlingar.
Tingretten vil seinare ta stilling til om det skal oppnemnast eit kreditorutval og/eller ein burevisor til å gjennomgå skuldnaren sine regnskap. Kreditorar som har interesse av å sitje i kreditorutvalet, bør snarast mogeleg kontakte bustyrar.

Kor finn eg reglane?

Dei viktigaste reglane om konkurs finn du i konkurslova av 8. juni 1984 nr. 58.