Meny

Dersom du ikkje får løn eller feriepengar fordi arbeidsgjevar ikkje kan betale, kan du krevje arbeidsgjevar konkurs. Når det er opna konkurs, kan du søkje dekning av løn og andre utgifter frå den statlege lønsgarantiordninga. Denne sida forklarer kva lønsgarantiordninga går ut på og korleis ein går fram for å krevje ein konkurs.

Kven er omfatta av lønsgarantiordninga?

Lønsgarantiordninga gjeld for arbeidstakarar som ikkje får utbetalt løna eller feriepengar dei har krav på frå arbeidsgjevaren sin på grunn av at arbeidsgjevaren har gått konkurs. Ordninga gjeld også for tilsette i bankar og forsikringsselskap som blir sette under offentleg administrasjon.

I tillegg gjeld ordninga for tilsette i selskap som blir tvangsavvikla etter føresegnene i aksjelova, og ved skifte av insolvent dødsbu.

Lønsgarantiordninga inneber at du kan få dekt løn og feriepengar for eit beløp inntil tre gonger grunnbeløpet i folketrygda. Dersom arbeidsgjevaren går konkurs eller ein av dei andre situasjonane oppstår, bør du ta spørsmålet opp med bustyrar, som kan orientere deg om reglane og korleis du skal gå fram for å søkje garantiordninga.

Fristar

Både for løns- og feriepengekrav gjeld tidsfristar for kor gamle krava kan vere for at dei skal kunne dekkjast av lønsgarantien. Ved å vere passiv, og vente på at til dømes ein kollega skal krevje arbeidsgjevaren din konkurs, risikerer du at krava dine blir for gamle til å kunne dekkjast over garantien. Derfor kan det vere nødvendig at du sjølv syter for at det blir opna konkurs. Til ein viss grad kan omkostnader du får i samband med konkurskravet, til dømes gebyr, advokathonorar og liknande, dekkjast av garantien.

Unntak frå krav om sikkerheit

Arbeidstakar som krev arbeidsgjevar konkurs på grunn av manglande utbetaling av løn eller feriepengar, er unnateke frå kravet om å stille sikkerheit på kr 51 250,- for omkostnadene for konkursbehandlinga. I desse sakene betaler det offentlege alle omkostnader som ikkje blir dekte av verdiane i konkursbuet. 

Korleis gå fram

Den enklaste og raskaste måten å få opna konkurs på er at du og arbeidsgjevar saman kontaktar tingretten, og at arbeidsgjevar erkjenner å vere insolvent (manglande betalingsevne). Dersom du ikkje får arbeidsgjevar med på dette, kan du gå fram på denne måten for å få opna konkurs:

1. Når du ikkje får løn: Påkrav

Dersom du ikkje får utbetalt løna di på den vanlege løningsdagen, sender du så fort som mogleg eit rekommandert kravbrev (påkrav) til arbeidsgjevar. I kravbrevet må det stå kva kravet gjeld, kva beløp arbeidsgjevar skuldar deg og oppteningsperioden. Gje arbeidsgjevar ei vekes frist til å betale.

Døme på korleis påkrav kan setjast opp (pdf frå Oslo byfogdembete, berre på bokmål).

2. Når arbeidsgjevar ikkje betaler etter påkrav: Konkursvarsel

Fire veker etter at du sende det rekommanderte brevet, skriv du ei betalingsoppfordring (konkursvarsel). Denne skal forkynnast for arbeidsgjevar av ein offentleg tenestemann, sjå nedanfor.

Innhald i konkursvarselet:

  • Vis til påkravet du har sendt tidlegare. Gjenta gjerne beløpet arbeidsgjevar skuldar deg, kva kravet gjeld og oppteningsperioden.
  • Gje arbeidsgjevar to vekers frist frå lovleg forkynning (sjå under) til å betale.
  • Skriv at "det vil bli teke ut konkurskrav dersom betaling ikkje skjer innan fristen går ut".
  • Vidare må du skrive: "Du blir gjort merksam på at ved behandlinga av konkurskravet vil ein gå ut frå at vanleg insolvens ligg føre og konkurs kan opnast, når betaling ikkje skjer etter at konkursvarsel er forkynt i samsvar med konkurslova § 63 (lenkje til lovdata.no).

Det er viktig at alle desse punkta er med i konkursvarselet for at du seinare skal få opna konkurs.

Forkynning:

Konkursvarselet sender du i to eksemplar til hovudstemnevitnet i kommunen der arbeidsgjevar har forretningsstaden sin. Hovudstemnevitnet forkynner så konkursvarselet for arbeidsgjevaren. Ei slik forkynning kostar kr 512,- og du vil få orientering når ho er utført. Hovudstemnevitnet er anten namsmannen eller lensmannen i ditt distrikt. Sjekk hjå politiet.

Døme på korleis konkursvarsel kan setjast opp (pdf frå Oslo byfogdembete, berre på bokmål)

3. Dersom arbeidsgjevar framleis ikkje betaler: Konkurskrav

Når tovekersfristen i konkursvarselet har gått ut, må du sende konkurskrav til domstolen. Kravet må sendast i minst fem eksemplar med vedlegg, og det må vere motteke av retten innan to veker frå betalingsfristen i konkursvarselet. Om ikkje, må varselet forkynnast på nytt.

Døme på konkurskrav (pdf frå Oslo byfogdembete, berre på bokmål)

Følg fristane og krava til framgangsmåte

Sjølv om krava dine etter hovudregelen er for gamle til å bli dekte av lønsgarantien, kan dei likevel dekkjast dersom du har sett i gang og følgt opp saka i tråd med tilrådingane over. For å sikre rettane dine til lønsgarantidekning, er det viktig at du handlar raskt. I og med at inndrivingsprosessen kan vere komplisert, og at det blir stilt strenge formelle krav til korleis du går fram for å få opna konkurs, kan det vere praktisk å overlate arbeidet til ein advokat. Kostnader du får i denne samanhengen vil kunne dekkjast av garantien.

Meir informasjon om lønsgarantiordninga

Konkursrådet sin nettstad (lenkje)

Lovføresegner (§ 9-3 ) om lønskrav i konkursdekningslova (lovdata.no)

NAV.no (lenkje)

 

 

 

Sida vart sist oppdatert: 13.09.2016, kl. 10:42