Oppbod

Den som ikkje kan oppfylle forpliktingane sine etter kvart som dei forfell, kan krevje seg sjølv konkurs (oppbod). Det er eit vilkår for konkurs at skuldnaren er insolvent. Det vil seie at verdiane og inntektene skuldnaren har, ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje gjelda, og at den manglande evna til betaling ikkje er forbigåande.

Ein skuldnar som sjølv krev oppbod, er friteken for å stille sikkerheit og ansvar for omkostnadene, sjå konkurslova § 67 og § 73 (lenkje til lovdata.no).

Oppbodskrav for føretak med forretningsadresse i Oslo, skal rettast til Oslo byfogdembete. Elles i landet er det tingretten som skal ta mot oppbodskravet.

Vedlegg til oppbodskravet går fram av konkurslova § 66 andre ledd (lenkje til lovdata.no). Styrevedtak/ selskapsmøtevedtak og firmaattest må leggjast ved.

  • Oppbodskrav frå aksjeselskap må setjast fram av styret, sjå aksjelova/allmennaksjelova § 6-18. Oppbudsskjema - aksjeselskap(skjema i pdf-format fra Oslo byfogdembete, berre på bokmål)
  • Oppbodskrav frå ansvarleg selskap (ANS/DA) må reknast med å måtte setjast fram av selskapsmøtet, sjå selskapslova § 2-8 (1) jamfør § 2-37 (1) og § 3-6, jamfør. § 3-27. 
  • Oppbudsbegjæring fra utenlandsk selskap med norskregistrert filial (NUF). Oppbudsskjema - NUF (skjema i pdf-format fra Oslo byfogdembete, berre på bokmål).

Dersom oppbodskravet blir sendt i posten, må ein vere førebudd på å måtte stille i rettsmøte på kort varsel. Retten kan også behandle kravet utan innkalling til rettsmøte.