Meny

Tingretten (Oslo byfogdembete i Oslo) kan etter oversending frå Brønnøysundregistra tvangsoppløyse og tvangsavvikle selskap. På denne sida får du ei oversikt over korleis domstolen behandlar denne typen saker.

Tvangsoppløysing

Retten skal ein etter aksjelova § 16-15 tvangsoppløyse selskap som har manglar i samsvar med aksjelova. Det kan vere selskap som ikkje har eit styre som fyller lovkrava, manglar dagleg leiar og/eller revisor, ikkje har sendt inn årsrekneskap eller ikke fyller kravene til aksjekapital (sjå aksjelova på lovdata.no).

Det er Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret som sender selskapet varsel om at vilkåra i samsvar med aksjelova ikkje er oppfylte. Selskapet får ein frist på ein månad til å bringe forholdet i orden. Samstundes blir selskapet orientert om følgjene av at det ikkje held fristen. Dersom manglane ikkje er retta når fristen går ut, gjentek ein varselet ved kunngjering. I kunngjeringa blir det informert om at vilkåra for oppløysing av selskapet er oppfylte. Selskapet får ein siste frist på fire veker for å rette manglane.

Er mangelen ikkje retta etter dette, gjev Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret melding til rett domstol. Retten skal då utan fleire varsel vedta selskapet oppløyst ved orskurd. Orskurden har verknad som ein orskurd om konkursopning, sjå aksjelova § 16-17 (2).

Tvangsavvikling

Dersom særlege grunnar talar for det, kan retten etter aksjelova § 16-14 tvangsavvikle selskap som ikkje er melde endeleg oppløyste seinast eitt år etter at selskapet sjølv har sendt inn avgjerd om å oppløyse selskapet.

Det er Føretaksregisteret som gjev retten melding om at fristen har gått ut.

Før retten vedtek å overta ansvaret for tvangsavviklinga av selskapet, skal styret, eventuelt. avviklingsstyret, få høve til å uttale seg.

Vedtek retten å avvikle selskapet, har orskurden verknad som ein orskurd om konkursopning, sjå aksjelova § 16-14 (3).

Sida vart sist oppdatert: 25.04.2016, kl. 13:28