Tvangsfullbyrding

Når avtalar og krav ikkje blir oppfylte frivillig, kan du be om tvangsfullbyrding av kravet. Desse sidene fortel kva tvangsfullbyrding er og korleis du går fram.


Sjå tvangsfullbyrdingslova på lovdata.no

Sjå skjema knytt til tvangsfullbyrding


For å kunne krevje tvangsfullbyrding må du ha eit tvangsgrunnlag, og dette må vere tvangskraftig. Vi skil mellom to typar tvangsgrunnlag:

Dette er til dømes gjeldsbrev, legalpant, utleggsforretning og leigekontraktar som oppfyller visse krav til innhald. Eit særleg tvangsgrunnlag må gjerast tvangskraftig ved at det blir sendt eit varsel til motparten før innsending av krav til retten.

Alminnelege tvangsgrunnlag er ein dom eller orskurd. Eit alminneleg tvangsgrunnlag er tvangskraftig utan varsel dersom det ikkje er eldre enn eitt år.

Formkrav

Krav om tvangsfullbyrding skal leverast skriftleg i 4 komplette eksemplar med vedlegg, og skal innehalde:

  • Fullstendig namn og adresse på både saksøkjar og saksøkte.
  • Føretaksnummeret eller fødselsdato og telefonnummer til saksøkjar.
  • Føretaksnummer eller fødselsdato til saksøkte.
  • Skildring av tvangsgrunnlaget.
  • Oversikt over dei enkelte delane av kravet dersom det er eit pengekrav.


Kopi av tvangsgrunnlaget og eventuelt varsel skal leggjast ved. Det kan også vere nødvendig å leggje ved annan dokumentasjon, avhengig av sakstype.

Gebyr

Gebyret for krav om tvangsfullbyrding blir kravde inn i etterskot frå Gebyrsentralen i Brønnøysund. Storleiken på gebyret varierer både etter kor langt saka er komen i behandlinga og med kva form for tvangsfullbyrding som er kravd (Lenkje til oversikt over rettsgebyr).

Anke

Avgjerdene ved domstolen kan ankast. Den parten som er usamd i avgjerda, kan bringe saka inn for lagmannsretten ved anke. Ankefristen er 1 månad rekna frå forkynninga av orskurden, og det må betalast eit gebyr. 

Økonomiske krav sikra med pant

I nokre tilfelle er økonomiske krav mot ein person sikra med pant i fast eigedom, verdipapir, gjenstandar osv. Når skuldnaren ikkje kan betale gjelda si, kan kreditor krevje det pantsette selt for å få dekt sitt tilgodehavande. Mange krav er i utgangspunktet ikkje sikra med pant. Kreditor kan då søkje å sikre sitt tilgodehavande ved å krevje utleggspant. Krav om utleggspant kan setjast fram for namsmannen.