Meny

Denne sida gir svar på kva eit tvangssal er.

Ved tvangssal av ein eigedom er det domstolen (ved bruk av advokat eller eigedomsmeklar som medhjelpar), og ikkje eigaren, som står for salet av bustaden.

Grunnen til at salet skjer ved tvang, er at eigaren ikkje har klart å ta hand om gjelda si. Eigedomen blir selt etter krav frå ein eller fleire kreditorar med eksempelvis pant i eigedomen fordi eigaren (skuldnaren) har misleghalde pantegjelda. Ein kreditor kan krevje tvangssal av eigedom når det ligg føre tvangskraftig tvangsgrunnlag (til dømes utlegg, pantobligasjon og legalpant).

Krav om tvangssal skal innehalde:

  • Namn, fødselsdato/føretaksnummer og adresse til partane.
  • Adresse til objektet som er kravd tvangsseld og registernemninga på objektet (til dømes organisasjonsnummer og partsnummer eller gardsnummer/bruksnummer/seksjonsnummer).
  • Oversikt over pengekravet (hovudkrav, renter, rentesats og omkostnader).
  • Nemning av tvangsgrunnlaget.


Krav om tvangssal skal ha desse vedlegga:

  • Varsel om tvangsfullbyrding etter tvangsfullbyrdingslova § 4-18. Denne må vere eldre enn 14 dagar.
  • Stadfest utskrift av grunnboka, som ikkje er eldre enn 3 månader. (gjeld ikkje aksjeleilegheit).
  • Kopi av tvangsgrunnlaget.

                                                            
Dette kravet med vedlegg  skal leverast inn i 4 komplette eksemplar, datert og signert.

Saksgang

Domstolen legg kravet om tvangssal fram for saksøkte. Frist for å kome med merknader, og eventuelt setje fram krav om erstatningsbustad, er 1 månad frå forkynning av kravet. Innkomande motsegner til kravet skal sendast til saksøkjar for fråsegn. Domstolen tek i dei fleste tilfelle stilling til tvisten på grunnlag av den skriftlege saksframstillinga.

Dersom det ikkje kjem inn motsegner eller blir kravd erstatningsbustad, blir kravet om tvangssal avgjort ved vedtak. Retten tek i vedtaket stilling til om tvangssalet skal gå føre seg som eit auksjonssal, eller ved hjelp av medhjelpar.

Dersom saksøkte ynskjer å betale heile eller delar av kravet, må han ta kontakt med saksøkjar eller advokaten til saksøkjaren (prosessfullmektig). Dersom heile kravet blir innfridd, vil saksøkjaren trekkje kravet attende. I dei tilfella der saksøkte kan betale delar av kravet, kan han forsøke å inngå ein betalingsavtale med prosessfullmektigen til saksøkjar. Saksøkjar vil då be om at saka blir utsett. Dersom betalingsavtalen ikkje blir følgd opp, vil saksøkjar kunne krevje at saka blir sett i gang att.

Korleis skjer salet?

Dei aller fleste sal skjer ved bruk av medhjelpar (advokat eller eigedomsmeklar). Eigedomen eller husværet blir annonsert for sal i aviser og på nett i tråd med eit vanleg bustadsal. Ein held også visningar og salsprosessen er likt eit vanleg bustadsal. Det blir ikkje opplyst i annonsen at det er eit tvangssal, derimot blir dette opplyst i salsoppgåva. Tidlegare var det vanleg med tvangsauksjonar, men dette er det no slutt på.

Salet er avslutta når retten ved orskurd stadfester eit bod og fordeler kjøpesummen til rettshavarane etter prioritet. Blir det pengar att etter dette, så får skuldnaren dette beløpet. 

Merk deg at saksøkjaren, før orskurd om stadfesting av eit bod er avsagt, når som helst kan tilbakekalle kravet.

Sjølv om retten har vedteke medhjelparsal og oppnemnt ein medhjelpar, er det likevel råd for saksøkte å selje bustaden sin frivillig. Då bør ein be om utsetjing av det pågåande tvangssalet.

Fråviking (utkasting) under tvangssal

I dei tilfella saksøkte ikkje samarbeider med medhjelpar i salsprosessen, kan saksøkjar krevje saksøkte fråvike/utkasta frå bustaden,  Sjå tvangsfullbyrdingslova § 11-14 på lovdata.no.

Anke

Både 1) vedtak om tvangssal og 2) orskurd om stadfesting og fordeling kan ankast til lagmannsretten. Ankefristen for orskurd som stadfester eit bod er 1 månad rekna frå avseiinga av orskurden. Ankefristen for orskurden som fordeler kjøpesummen er 1 månad rekna frå forkynninga av orskurden. Anken skal leverast til retten saman med ankegebyret.

Sida vart sist oppdatert: 17.11.2015, kl. 09:41