Fråviking

Kva er fråviking?

Den rettslege nemninga på ei utkasting er fråviking. Denne sida gjev ei oversikt over når dette er aktuelt og korleis dette går føre seg.

Utkasting (heretter kalla fråviking) må alltid gå føre seg gjennom offentleg styresmakt. Då blir personen og dei tinga denne har i huset/leilegheita fjerna.

Når er fråviking aktuelt?

I eit utleigeforhold kan det krevjast fråviking når utleigar meiner han har rett til å heve leigekontrakten, eller når leigetakar har "åpenbart uholdbar hjemmel" til å bu i leilegheita (manglande betaling av husleige som grunnlag for heving av leigeforholdet, bråk, ulovleg framleige o.l.).

Kven behandlar krav om fråviking?

Det er viktig å merke seg at tingretten berre behandlar nokre typar fråviking. Fråviking etter tvangsfullbyrdingslova § 13-2, bokstav d) og e) blir behandla av retten, medan § 13-2 bokstav a), b) og c) blir behandla av namsmannen (namsmannfunksjonen høyrer inn under politiet, sjå meir på politiet.no).

Kravet om fråviking skal innehalde:

  • Namn, adresse og fødselsdato/organisasjonsnummer på partane.
  • Adressa på eigedomen ein krev fråviken.
  • Skildring av kva for eit tvangsgrunnlag ein viser til (tvfbl. § 13-2, bokstav d eller e).

Kravet skal ha desse vedlegga:

  • Kopi av varsel om fråviking, tvfbl. § 4-18. Det må i varselet gjerast merksam på at tvangsfullbyrding vil bli kravd dersom saksøkte ikkje frivillig flyttar frå eigedomen.
  • Eventuelt leigekontrakt.

Kravet kan ikkje fremjast før det har gått minst 2 veker frå datering av varselet.

Datert og signert krav med vedlegg skal leverast inn i 4 komplette eksemplar.

Saksgang

Etter at retten har motteke og godkjent kravet, blir det sendt til saksøkte med 2 vekers frist for fråsegn. Dersom merknader ikkje kjem inn innan fristen, gjev retten normalt orskurd basert på saksøkjar si framstilling av saka. Dersom ein får merknader innan fristen, blir desse sende til motparten for fråsegn. Retten tek i dei fleste tilfella stilling til tvisten på grunnlag av den skriftlege saksframstillinga. Retten kallar likevel inn til rettsmøte (munnleg forhandling) om han finn det ynskjeleg, eller dersom ein part krev det.

Saker som blir tekne til følgje blir sende over frå tingretten til namsmannen for gjennomføring.

Avgjerder i fråvikingssaker som er behandla ved retten, kan ankast. Ankefrist er 1 månad etter forkynning av avgjerda.

Tingretten behandlar også fråvikingskrav etter tvangsfullbyrdingslova § 11-14 (fråviking under tvangssal) og eigarseksjonslova § 27 (fråviking grunna oppførselen til sameigar).