Dei alminnelege domstolane

Denne sida gir ei kort oversikt over rettssystemet. For meir informasjon, sjå venstremenyen. Dei alminnelege domstolane i Noreg er Høgsterett, lagmannsrettane og tingrettane. Disse domstolane dømmer i både sivile sakar og straffesakar.

Domstolane avgjer konkrete sakar som blir brakt inn for retten. Dei tar aldri sjølv inititativ til ei sak. Domstolane er ein del av det offentlege styringssystemet i ein demokratisk rettsstat og betegnast ofte som den tredje statsmakt.

Høgsterett

Høgsterett er den øvste domstolen i landet og ankeinstans for dommar frå alle domstolar på lågare nivå. Det er berre ein Høgsterett, og domstolen held til i Oslo. Avgjerdene som blir tekne her, er etter Grunnlova endelege og kan ikkje ankast eller påklagast. To særskilde unntak gjeld saker som kan leggjast fram for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og FNs Menneskerettskomite i Geneve.

Tre av høgsterettsdommarane utgjer Høgsteretts ankeutval og må samtykke om at saka kan leggjast fram for Høgsterett (såkalla ankesiling). Utvalet kan og ta endeleg avgjerd i visse saker.

Lagmannsrettane

Det er seks lagmannsrettar i Noreg. Dei dekkjer kvar sin geografisk avgrensa rettskrins, som blir kalla lagdømme. Lagmannsretten blir leidd av ein førstelagmann og har fleire lagdommarar.

Tingrettane

Tingretten er den ordinære domstol i første instans. Kvar tingrett har sitt område. Det blir kalla domssokn og femner om ein eller fleire kommunar. I Oslo domssokn er oppgåvene delte mellom Oslo tingrett og Oslo byfogdembete.


 

Forliksrådene

Dei fleste typar sivile saker skal som hovudregel starte i forliksrådet, som er lavaste ledd i rettssystemet. Forliksrådene er meklingsinstitusjonar med begrensa domsmyndighet i sivile saker. Alle kommuner har forliksråd. Forliksrådet består av tre lekfolk og like mange varamedlemmer, som velges blant kommunens innbyggjarar for fire år.
Sjå meir på www.forliksraadet.no