Meny

Ein fri og uavhengig domstol er eit vern for borgarane mot tilfeldige avgjerder og overgrep frå dei andre statsmaktene.

Den uavhengige stillinga til domstolane byggjer på at Noreg er eit konstitusjonelt demokrati. Grunnlova set grenser for kva Stortinget eller regjeringa skal kunne vedta, sjølv om desse vedtaka byggjer på fleirtalsviljen.

Kontroll med dei andre statsmaktene

Dersom ei lov er i strid med Grunnlova, til dømes fordi ho krenkjer dei konstitusjonelle rettane til ein eller fleire borgarar, kan domstolane setje lova til side i ei konkret sak som ein av partane har lagt fram for retten. Når ei sak kjem opp i Høgsterett, og to eller fleire av dommarane meiner at lova som regulerer saksforholdet, er grunnlovsstridig, skal spørsmålet avgjerast av Høgsterett i plenum. Resultatet kan då bli at Høgsterett set lova til side i denne aktuelle saka. Det vil seie at domstolane gjennom den dømmande verksemda si kan kontrollere Stortinget som lovgivande statsmakt. Denne retten har Høgsterett brukt berre nokre få gonger.

I konkrete saker kan domstolane og overprøve avgjerder som regjeringa eller andre underordna forvaltningsorgan har teke. I slike saker kan domstolen ta stilling til om forvaltninga har halde seg innanfor dei rammene som lovgivinga set. Domstolane kan og vurdere om vedtaket byggjer på eit uomtvisteleg faktum og ei korrekt saksbehandling. Endeleg kan dei ta stilling til om forvaltninga har utøvd utilbørleg eller grovt urimeleg skjønn. Dersom vedtaket har slike feil, kan domstolane kjenne vedtaket ugyldig. Men og her er kontrollfunksjonen til domstolane avgrensa til å gjelde den aktuelle saka som er lagd fram for retten.

Korleis er domstolane sikra ei uavhengig stilling?

Etter forfatninga vår er dommarane uavhengige når dei avgjer ei sak. Dei kan ikkje instruerast i domsutøvinga si, og andre styringsorgan kan ikkje overprøve avgjerder i Høgsterett.
Internasjonale domstolar har dei siste tiåra fått stadig større tyngd, særleg i samband med internasjonale konvensjonar om menneskerettar. Mellom anna spelar Menneskerettsdomstolen i Strasbourg ei viktig rolle i rettsutviklinga. Dersom Menneskerettsdomstolen skulle tolke konvensjonen annleis enn Høgsterett, må Høgsterett i framtida ta omsyn til desse avgjerdene.

Ein dom kan endrast av ein overordna domstol etter ankebehandling. I straffesaker er den vanlege ankefristen to veker frå dommen er felt. Ankefristen er éin månad i sivile saker. Ein høgare domstol kan ikkje på eige initiativ instruere ein underordna domstol i behandlinga av enkeltsaker. Men dersom ein part går vidare med ei avgjerd, kan den høgare domstolen avgjere at den underordna domstolen skal behandle saka på nytt. Den underordna domstolen må da følgje dei vurderingane som den overordna domstolen har lagt til grunn for avgjerda si.
Stortinget vedtek lover som domstolane bruker i dei sakene som går til doms. Men det er domstolane, og særleg Høgsterett, som avgjer korleis lovteksten skal tolkast. På ei rekkje område har dessutan domstolane utvikla det som i dag er gjeldande rett.

Domstolen eller dommarane skal ikkje utsetjast for påverknad i retning av det eine eller andre resultatet. Ein rettsstat krev dommarar som er uavhengige og upartiske i forhold til partane og dei interessene dei representerer. Partane i ei sak kan krevje at dommaren trekkjer seg frå behandlinga av saka. Det kan dei gjere dersom dommaren har ei tilknyting til saka eller partane som kan skape tvil om han eller ho vil vurdere saka upartisk. Dommarane har i kvar einskilt sak eit sjølvstendig ansvar for å passe på at dei ikkje er inhabile.
Sjølv om Grunnlova sikrar at domstolane er uavhengige i enkeltsaker, er dei ikkje uavhengige av den demokratiske utviklinga i samfunnet. Stortinget vedtek reglar om organisering av domstolane, mellom anna kor mange domstolar landet skal ha, kvar dei skal liggje, kor mange dommarar dei skal ha, og framgangsmåten for dommarutnemningar. Dette er praktiske forhold der behova kan endre seg i takt med samfunnsutviklinga.

Kan ikkje avsetjast

Dommarar som er utnemnde etter reglane i Grunnlova, har som embetsmenn eit særskilt stillingsvern etter paragraf 22 i Grunnlova. Dei er "uavsettelige". I det ligg at dei ikkje kan seiast opp eller flyttast mot sin eigen vilje. Dei kan berre avsetjast etter rettargang og dom. Fast utnemnde dommarar kan suspenderast, men ei slik avgjerd er det Kongen i statsråd som må ta. Som andre statstilsette kan faste dommarar straffast for lovbrott i eller utanfor tenesta, men spørsmålet om det skal reisast tiltale mot ein dommar for straffbare handlingar i tenesta, må avgjerast av Kongen i statsråd. Fast utnemnde dommarar kan heller ikkje dømmast til ordensstraff etter reglane i tenestemannslova. Høgsterettsdommarar har eit betre vern; dei kan berre fjernast frå stillinga si ved dom i Riksretten (domstol som dømmer i straffesaker mot medlemmer av regjeringa, Stortinget eller Høgsterett). Det gjeld og andre særreglar for høgsterettsdommarar.
Stillingsvernet for dommarane skal sikre at dei ikkje blir oppsagt som følgje av upopulære avgjerder som styresmaktene eller andre er usamde i. Dette skal sikre at domstolane tek uavhengige og nøytrale avgjerder.

Må ha tillit hos folket

Avgjerdene til dommarane får ofte viktige følgjer for den enkelte borgaren. Ein nødvendig føresetnad for at rettsstaten skal fungere, er at folk flest respekterer lovene og dei avgjerdene domstolane tek. Då må folk ha tillit til domstolane. Truverdet til domstolane må ikkje kunne svekkjast på grunn av press eller ytre påverknad. Skal domstolane vere frie og uavhengige, må dei ha faglege og økonomiske føresetnader for å løyse oppgåvene sine.
Saksbehandlingstida og kostnadene i samband med ei rettssak kan vere avgjerande for om folk flest skal ha høve til å få saka si behandla av domstolane. Kort saksbehandlingstid er i seg sjølv viktig for å sikre rettstryggleiken (jf. det engelske uttrykket "Justice delayed is justice denied"). Kortare saksbehandlingstid har vore sentralt for norske domstolar dei seinare åra.

 

Historisk tilbakeblikk

Mellomalderen

I mellomalderen låg domsmakta hos regionale lagting og lokale bygdeting. Etter kvart fekk byane si eiga rettsordning som vart kalla bymøte. Både på bygdetinga, bymøta og ved lagtinga vart den reelle domsmakta utøvd av eit utval av tingrepresentantane (lagretten).

I den eldste tida var det tingmennene sjølve som peika ut medlemmene av lagretten. Seinare då kongen fekk større makt, var det han og ombodsmennene hans som fekk denne fullmakta. Historisk kan vi sjå på tingrettane som ei vidareføring av domsmakta ved bygdetinga og bymøta.

Sorenskrivarordninga ved bygdetinga vart innført i 1591. Sorenskrivarane var opphavleg ikkje dommarar, men skulle hjelpe til med å forme og skrive ned domsbreva. Uttrykket sorenskrivar kjem av ”svoren skrivar”. I 1634 fekk sorenskrivaren status som dommar, saman med lagrettemedlemmene. Etter kong Kristian 5.s norske lov av 1687 vart sorenskrivarane einedommarar i dei fleste sakstypane. Sorenskrivarane har hatt denne statusen sidan den gongen.

Fordi sorenskrivarane var einedommarar, var praksisen heilt fram til 1960-åra å skipe nye sorenskrivarembete når eit embete fekk for stor arbeidsbør.

Montesquieu og maktfordelingsprinsippet

Den franske filosofen Montesquieu gav i 1748 ut verket "De l’esprit des lois". Boka blir rekna som det filosofiske grunnlaget for prinsippa om maktfordeling. Montesquieu var oppteken av å hindre at lovgivaren samstundes skulle vere den utøvande statsmakta, og han skreiv mellom anna: "Når den lovgivande makta er sameina med den utøvande makta i ein og same person eller i eitt og same styringsorgan, er det ingen fridom, for det er grunn til å frykte at den same monarken eller den same forsamlinga vil gi tyranniske lover for deretter å bruke dei tyrannisk."

Frankrike hadde på1700-talet opplevd mange blodige krigar og var i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Det var ekstrem skilnad på fattige og rike i eit einevelde der kongen styrte folket med brutal makt. Dei som hadde makta i samfunnet, var kongen, prestane, godseigarane og andre rike borgarar. Store delar av folket arbeidde som bønder hos godseigarane og vart kalla leiglendingar. Montesquieu var ein av fleire filosofar som kritiserte kongen og hevda at folket kunne gjere opprør. I 1789 braut den franske revolusjonen laus. Borgarane i Frankrike kjempa mot kvarandre samtidig som landet låg i krig med andre land. Resultatet av denne revolusjonen var at kongen vart avsett, og Frankrike vart republikk.

Grunnlova av 1814

Maktfordelingsprinsippet til Montesquieu blei sentralt for den norske Grunnlova som riksforsamlinga på Eidsvoll utarbeidde våren 1814. Etter tilhøva på den tida var den norske Grunnlova demokratisk og radikal og bygde på folkesuverenitetsprinsippet – at all makt spring ut frå folket. Grunnlova etablerte ei folkevald forsamling, Stortinget. Makta blei delt mellom den lovgivande makta (Stortinget), den utøvande makta (Kongen) og den dømmande makta (domstolane). Det dansk-norske eineveldet, der all makt var samla på ei hand, blei erstatta av eit konstitusjonelt monarki. Det vil seie at Grunnlova avgrensa makta til kongen. Grunnlova blei samrøystes vedteken av riksforsamlinga på Eidsvoll 17.mai 1814.

Etter 1945 - Toinstansreforma og internasjonale konvensjonar

I 1993 vart det vedteke endringar i straffeprosesslova. Det vart no klart at alle saker skulle fyrst bli prøvde i herads- eller byretten, for deretter å kunne bli anka til lagmannsretten. Denne endringa går under nemninga toinstansreforma. Det viktigaste føremålet med reforma er å gje tiltalte høve til å få prøvd bevisvurderinga under skuldspørsmålet to gonger.Endringa heng saman med signering av menneskerettskonvensjonen om politiske og sivile rettar (ratifisert 1966) og barnekonvensjonen (ratifisert 1991).
Etter 2. verdskrig har det vorte formulert fleire menneskerettskonvensjonar.  Noreg har skrive under på fleire av desse og deriblant den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Ved signering vart Noreg folkerettsleg bunde til artiklane i konvensjonen. Det var fyrst i 1999 at artiklane vart inkorporerte i norsk lovverk og dermed gjorde om til norsk lov. Dette tyder at ved ein konflikt må norsk lov vike til fordel for EMK.

Tydeleggjering av skiljet mellom utøvande og dømmande makt

I 2002 vart det innført eit meir markert skilje mellom lovgjevande og dømmande makt gjennom opprettinga av:




 

Sida vart sist oppdatert: 08.09.2015, kl. 13:14