Meny

Lagmannsretten tek stilling til ankar over avgjerder frå tingretten både i sivile saker og straffesaker. Medan tingrettar blir kalla domstolar i første instans, er lagmannsrettane altså domstolar i andre instans.

Kvar lagmannsrett har sitt eige område som blir kalla lagdømme. Lagmannsretten i kvart lagdømme skal behandle ankesaker frå førsteinstansdomstolane i dette lagdømmet. Landet er delt inn i seks lagdømme:

  • Borgarting (eget nettsted), med sete i Oslo, dekkjer fylka Oslo, Buskerud, Østfold og sørlege delar av Akershus.
  • Eidsivating (eget nettsted), med sete på Hamar, dekkjer fylka Hedmark, Oppland og nordlege delar av Akershus.
  • Agder (eget nettsted), med sete i Skien, dekkjer fylka Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder.
  • Gulating (eget nettsted), med sete i Bergen, dekkjer fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.
  • Frostating (eget nettsted), med sete i Trondheim, dekkjer fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.
  • Hålogaland (eget nettsted), med sete i Tromsø, dekkjer fylka Nordland, Troms og Finnmark.

Ankar over orskurdar og avgjerder

Ankar over orskurdar og avgjerder blir behandla av tre dommarar. Som hovudregel blir saka avgjort ut i frå saksdokumenta, utan ankeforhandling.

Anke over dommar

Anke over dommar skjer i form av ei munnleg behandling av saka. Her er samansetjinga av retten avhengig av sakstype og kva anken gjeld.

Ikkje alle ankar får ny behandling

Det er visse avgrensingar i retten til å få ein dom prøvd ved lagmannsretten. Avgrensingane er blant anna knytt til verdien av tvistegjenstanden i dei sivile sakene. I straffesaker er ankeretten avgrensa med tanke på kor alvorleg brotsverket er og utsiktene til at anken kan føre fram.

Det er tre fagdommarar som tek stilling til om saka skal nektast fremja til ankeforhandling eller ikkje. Avgjerda om å nekte ein anke fremja må vere samrøystes og skjer ved ei skriftleg grunngjeving.

Ankar i straffesaker

Både den domfelte og påtalemakta kan anke til lagmannsretten over avgjerder avsagde i tingretten. Anken kan dreie seg om tingrettens

  • bevisvurdering
  • lovbruk
  • saksbehandling
  • straffeutmåling

Retten blir sett med tre dommarar (fagdommarar) dersom det skal takast stiling til

  • straffeutmålinga i saker med strafferamme inntil seks år
  • tingrettens lovbruk
  • tingrettens saksbehandling 

Ved behandling av ankar over straffutmålinga i saker der strafferamma er seks års fengsel eller meir, blir lagmannsretten sett med tre fagdommarar og fire meddommarar (meddomsrett).

Bevisvurdering gjev ny prøving av saka

Dersom lagmannsretten i ei straffesak skal prøve bevisvurderinga i skuldspørsmålet, vil dette seie at retten tek stilling til om tiltalte har gjort det som han er tiltalt for eller ikkje. Retten prøver då alle sider av saka på nytt.

Meddomsrett: Saker med strafferamme inntil seks år 

Dersom strafferamma er inntil seks års fengsel, er lagmannsretten i desse tilfella samansett som meddomsrett med tre fagdommarar og fire meddommarar.
Meddommarane skal vere to kvinner og to menn, som blir trekte tilfeldig frå utvalet av meddommarar som er valde av kommunane. Fagdommarane og meddommarane er då saman om alle avgjerder, og alle har lik stemme.

Når skuldspørsmålet skal avgjerast, krev det fem stemmer for å finne den tiltalte skuldig. Alle andre avgjerder tek ein med alminneleg fleirtal.

Jury: Strafferamme over seks år

I saker der strafferamma er seks år eller meir, skal skuldspørsmålet som hovudregel avgjerast av lagretten (juryen). Lagretten består av ti personar, fem kvinner og fem menn. For kvar sak blir medlemene trekte frå utvalet av lagrettemedlemer. Retten er då sett saman med tre fagdommarar, som blant anna tek stilling til prosessuelle spørsmål (det vil seie spørsmål om saksbehandlinga i retten) som oppstår undervegs i rettssaka. Dersom lagretten finn tiltalte skuldig (krev eit fleirtal på sju jurymedlemer), deltek fire av lagrettemedlemene ved straffutmålinga saman med dei tre fagdommarane.

Ankar i sivile saker

Ei sivil ankesak blir som regel behandla av tre fagdommarar. Dette gjeld også ankar over dommar frå jordskifteretten. I enkelte sakstypar skal det alltid vere meddommarar. Partane kan også krevje at det blir kalla inn to meddommarar. Når det er krav om særleg kunnskap om eit saksområde, kan retten oppnemne fagkunnige meddommarar. Alle dommarane har ei stemme både i sivile saker og straffesaker. 
Til liks med tingrettane tilbyr også lagmannsrettane rettsmekling i sivile saker. Ved rettsmekling får partane bistand av domstolen til å søkje ei minneleg løysing i saka, det vil seie at dei involverte finn ei løysing alle kan godta, utan at ein treng at domstolen seier kva resultatet skal vere gjennom ein dom.

Andre sakstypar

Saker frå Trygderetten

Trygderetten er eit domstolliknande forvaltningsorgan. Dersom ei avgjerd frå Trygderetten blir anka, blir denne behandla av ein lagmannsrett som fyrste instans. Da er lagmannsretten sett saman som i andre sivile saker.

Ankeinstans for jordskifteretten

Lagmannsretten er ankeinstans for avgjerder frå jordskifterettane. 

Overskjønn

Skjønn er ei særleg form for rettargang der føremålet som regel er å fastslå verdien av fast eigedom eller rettar i fast eigedom. Når lagmannsretten skal overprøve tingretten sine avgjerder i slike saker, blir retten sett med ein fagdommar og fire skjønnsmenn (sakkunnige meddommarar).

Sida vart sist oppdatert: 14.08.2017, kl. 09:35