Noregs Høgsterett

Høgsterett held til i Høgsteretts hus i Oslo. Domstolen blir leia av ein justitiarius og har i tillegg nitten dommarar.

Den øvste domstolen i landet

I Grunnlova §88 heiter det at ”Høiesteret dømmer i sidste Instans”. Det vil seie at Høgsterett er den øvste domstolen i Noreg og har heile landet som verkeområde.
I kvar einskilt sak blir retten sett med fem dommarar. Av omsyn til saksavviklinga arbeider Høgsterett i to parallelle avdelingar. I særs viktige saker deltek enten elleve dommarar (storkammer) eller så er alle dommarane med på å avgjere saka (plenum).
Høgsteretts ankeutval er i kvar sak samansett av tre høgsterettsdommarar.
Alle dommarane er etter ei skiftordning med i både avdeling og i ankeutvalet.

Saksområde

Høgsterett er ein ankedomstol som behandlar ankar over avgjerder frå lågare domstolar.
Høgsterett behandlar både sivile saker og straffesaker og har fullmakt på alle rettsområde. Det er likevel slik at Høgsterett ikkje tek stilling til skuldspørsmålet i straffesaker.

Saksbehandling

Alle saker som går til Høgsterett, blir først behandla av ankeutvalet.
Anke blir nytta for dommar frå ein lågare domstol, for orskurdar (1: avgjerd om varetektsfengsling i tilståingssaker; 2: avgjerd om skuldspørsmål i lagretten) og andre avgjerder.
Ankeutvalet verkar som ein silingsinstans for alle ankar og avgjer om ei sak er så viktig at ho skal sleppe inn for Høgsterett. Ingen ankar kan fremjast til Høgsterett utan at ankeutvalet har samtykka. I tillegg blir nokon anker avgjort endeleg av ankeutvalet.
Saksbehandlinga i ankeutvalet er skriftleg, og avgjerdene blir tekne på grunnlag av saksdokumenta.

Som den øvste domtolen i landet skal Høgsterett syte for rettsavklaring på områder kor det juridiske regelverket er uklart. Høgsterett har også et ansvar for rettsutviklinga, innanfor rammene til lovgivinga, der kor nye samfunnsproblem krev det. Saker som reiser prinsipielle spørsmål ut over dei konkrete omstende i saken, vil derfor ofte sleppe inn til behandling i retten.

I Høgsterett er rettsforhandlingane nesten alltid munnlege og går for opne dører. Men det er inga direkte provføring i form av parts- eller vitneforklaringar slik som i tingretten og i lagmannsretten. Høgsterett reiser heller ikkje på synfaring.

Offentleggjering av avgjerder

Avgjerder som blir tekne i Høgsterett og Høgsteretts ankeutval, blir offentleggjorde i Norsk Rettstidende og gjennom Lovdata. Kortversjon av nye avgjerder finn du på  www.hoyesterett.no.