Tilhøyrere i retten

Det er eit grunnleggande prinsipp at rettssaker skal vere åpne for alle.

 Alle rettsmøter, både straffesaker og sivile saker, er offentlege dersom ikkje anna er bestemt i lov eller av retten i medhald av lov. Familiesaker går alltid for lukka dører. Enkelte andre saker går også for lukka dører, som oftast av hensyn til privatlivets fred.

Det kan, i mangel av plass i rettslokalet, vere ei grense for kor mange tilhøyrarar som kan vere til stades.

Generelt om klassebesøk i norske domstolar

Skuleklassar kjem ofte på besøk til ein domstol for å følgje ei rettssak. Då vil domstolen gjere sitt for at elevane skal få best mogleg utbyte. Ta kontakt med domstolen de vil besøke for å finne ein dato for besøket, ei eigna rettssak som går over éin dag og ein rettssal som er stor nok til å romme heile klassen.
Når tidspunktet er avtalt, vil læraren for klassen få praktiske opplysningar.
For at førebuingar og planlegging kan skje på beste måte, bør bestilling skje i god tid og helst eit par månader før besøket.