Meny

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker. Det er ein meklingsinstitusjon med avgrensa domsmakt. 

Kontakte forliksrådet eller få meir informasjon?

Alle kommunar har forliksråd, så prøv nettstaden til din kommune for å finne kontaktinformasjon.

Informasjon om kva forliksrådet er og kva for saker det behandlar, finn du på www.forliksraadet.no 
Du finn også informasjon på politiet sin nettstad (politiet er sekretariat for forliksråda).

Kan ei sak frå forliksrådet takast til tingretten?

Forliksrådet kan innstille behandlinga dersom det er lite sannsynleg at ei sak vil eigne seg for vidare behandling i forliksrådet, eller etter forgjeves mekling dersom forliksrådet ikkje vil avseie dom. Når ei sak er innstilt i forliksrådet kan ho bringast inn for tingretten ved stemning.

Dommar frå forliksrådet, medrekna fråværsdommar, kan overprøvast ved søksmål for tingretten. Fristen for stemning er éin månad. I desse tilfella krev ein ikkje vanleg stemning, det er tilstrekkeleg å oversende avgjerda til retten og melde at ein ynskjer henne overprøvd, den endringa ein krev, og kva ein meiner er feil ved avgjerda.

Anke av andre avgjerder

Avgjerdene i forliksrådet om sakskostnader, rettsgebyr eller salærfastsetjing kan ankast til tingretten.

Sida vart sist oppdatert: 19.04.2016, kl. 09:11