Oversikt

Det er vanleg å karakterisere enkelte forvaltningsorgan som domstolliknande, fordi dei har særtrekk som minner om domstolane.

 Dei er formelt sett forvaltningsorgan, men er organiserte og behandlar saker etter mønster frå domstolane. Dei har blant anna. som hovudoppgåve å løyse rettslege tvistar, avgjerdene er rettsleg bindande, og i den faglege verksemda si er dei i stor grad uavhengige i forhold til andre (overordna) forvaltningsorgan. Avgjerdene som blir tekne, kan likevel overprøvast av dei alminnelege domstolane.

Særdomstolar

Det som kjenneteiknar ein særdomstol, er at han behandlar ein spesiell type saker som vanlegvis ikkje blir behandla av dei alminnelege domstolane. Særdomstolane sin kompetanse er med andre ord avgrensa til ein spesiell type saker (døme på dette er Arbeidsretten og jordskifterettane).

Lenkje til nettstader for domstollignande organ og særdomstolar