Meny

Domstolane ser at besøk frå skuleklasser kan vere ein viktig del av opplæringa om rettssystemet i Noreg. Her er ei rettleiing for deg som har tenkt å ta med ei klasse for å vere til stades under ei rettssak.

Kven kan ein vende seg til?

Fleire domstolar har ein fast kontaktperson for skulebesøk, men det enklaste vil vere å sende ein e-post til domstolen og kome med ønske. Angi gjerne kor mange de reknar med å vere, og om det er ønske om spesielle vekedagar eller tidsrammer. Du kan også ringje sentralbordet, så kan dei hjelpe deg vidare.
Se domstoloversikt 

Omvising eller rettssak?

Det vanlegaste og mest interessante for elevane, er å følgje ei straffesak i meddomsrett. Det er også mulig å følgje ei straffesak i meddomsrett eller lagrettesak i lagmannsretten. 
 
I nokre av dei større domstolane blir det arrangert omvisingar etter ønske frå skular.

Ei rettssak som passar

Skulen bør ta kontakt ca. to månader i framkant. Då kan domstolen lettare få plukka ut ei passande sak. Det er viktig å vere kjent med at rettssaker regelmessig fell bort på grunn av sjukdom eller anna. I større domstolar kan det lagast rutinar på å ha ei sak i reserve, eller at det ikkje vert fastsett kva for ei sak det skal bli før dagen før besøket. 

Kor lang tid tek saka?

Det er det ikkje alltid så lett å føresjå, men ein fastset tid for kvar sak på førehand, til dømes ein halv eller ein heil dag. Nokre saker går over fleire dagar. Ofte opnar rettsmøtet kl. 09.00. Det er vanleg at skuleklasser ikkje følgjer heile saka, men går i ein pause. Om de ønskjer å følgje ei heil sak, er det viktig å formidle til domstolen kva for ei tidsramme de har.

Førebuingar

For å få mest mogleg ut av besøket er det bra om elevane allereie har litt kunnskapar om maktfordeling, domstolane sitt sjølvstende og aktørane sine roller i rettssaker. Det er også ein fordel om de kan formidle noko om kunnskapane til domstolen. Her på domstol.no finst ein heil del fakta og nokre oppgåver elevane kan få prøve seg på, både før og etter eit besøk.
 
Dersom det i god tid er klart kva for ei sak de skal følgje, kan de be om å få ein anonymisert tiltale sendt over slik at de kan sjå kva saka gjeld. For å sikre eit godt utbyte av besøket, kan det også vere ein fordel å ta for seg den eller dei aktuelle straffebestemmingane, og diskutere saken på førehand. 

Oppmøte i domstolen

Det er viktig at ingen kjem for seint, elles er det ikkje sikkert ein får sleppe inn. Prøv gjerne å avtale med domstolen om å få litt informasjon 20-30 minutt før saka startar. Kanskje kan dommaren då fortelje litt om domstolen sitt arbeid og kva som kjem til å skje i den aktuelle saka. Det kan også gi elevane moglegheit til å kome med spørsmål.

Oppførsel i rettssalen

Dei fleste rettssaker er offentlege, men det er likevel viktig å ha respekt for domstolen og dei involverte. Derfor må alle følgje nokre reglar i rettssalen:
Alle mobiltelefonar må vere slått av.
Ein får ikkje ta mat eller drikke med inn i salen.
Når hovudforhandlinga har starta, er det ikke høve til kommunikasjon eller aktivitet som fører til uro i rettssalen. Dersom ein ønskjer å forlate lokalet, bør dette helst skje i samband med pauser.
Alle skal reise seg når dommarane kjem inn, og når dei går ut i samband med pauser. Det same gjeld når retten vert heva.
I rettssalen er dommaren Sjef med stor S. Om han eller ho til dømes seier at de ikkje skal ha lue på i rettssalen, må dette følgjast.

Etter rettssaka

Det er mogleg å be domstolen om å sende deg dommen i anonymisert form etter at rettssaka er ferdig.

Sida vart sist oppdatert: 03.11.2014, kl. 12:45