Meny

Her forklarast nokre viktige prinsipp for rettsavgjersler i straffesaker. Det dreier seg om kravet om lov for å kunne dømme og straffast, om domstolane si bevisvurdering og om strafferammer.

Kravet om lov for å kunne dømme og straffe

Vi har vel alle opplevd at personar har sagt eller gjort noko vi mislikar, eller noko folk flest er einige i at ein ikkje kan eller skal gjere. Kva skal til for at domstolane kan straffe personar for handlingar vil mislikar?
 
Norsk statsforfatning, som regulerer makttilhøvet mellom Stortinget, Regjeringa og domstolane, er bygd på eit maktfordelingsprinsipp. Stortinget er gitt lovgivande makt, Regjeringa er gitt den utøvande makta, og domstolane er gitt den dømmande makta. Ved å spreie makta slik, førebyggjer vi faren for at enkeltpersonar skal bli utsette for maktovergrep frå styresmaktene. Dette prinsippet er heilt grunnleggjande, særleg innanfor eit så alvorleg område som strafferetten. 
 
Grunnlova (lenke til lovdata.no) vår av 17. mai 1814 § 96 uttrykkjer dette prinsippet slik: ”Ingen kan dømmes uden efter Lov, ellers straffes uten efter Dom.” For at domstolane kan dømme, må Stortinget altså først ha gitt løyve. Dette uttrykkjer vi med at det må finnast lovheimel for å straffe. I Straffelova av 22. mai 1902 har Stortinget gjort ei rekkje handlingar straffbare, og elles i lovgjevinga finn vi på ei rekkje område handlingar som Stortinget har gjort straffbare. Lovendringar skjer etter kvart som Stortinget vedtek endringar. Dette skjer som regel etter forslag frå regjeringa, som kanskje har utgreia endringa.

At det må finnast lov, kallar vi gjerne for legalitetsprinsippet. Dette kan omsetjast til lovprinsippet. I strafferetten er dette prinsippet strengt. Dette kan vi illustrere med ein dom frå Høgsterett frå 1952, telefonsjikanedommen. Ein mann var tiltala for på kveldstid å ha ringt ei gift dame fleire gonger på ein slik måte at oppringingane vart oppfatta som sjikane. Personen var tiltala etter straffelova § 181 som gjorde det straffbart å forstyrre ” alminneleg fred og orden”. Byretten tolka straffelova § 181 slik at den dekkjer dei telefonoppringingane som mannen hadde gjort, og at han difor kunne straffast. Dette var ikkje Høgsterett einig i. Høgsterett la til grunn at telefonoppringingane var gjort for å sjikanere, og at handlinga var klart straffverdig. Høgsterett uttalte likevel at telefonoppringingane forstyrra dama sin private fred, og ikkje den alminnelege fred. Høgsterett tillét difor ikkje ei utvidande tolking av uttrykket ”alminnelege fred og orden”. Då fanst det ikkje lovheimel.
 
Som ein konsekvens av dommen i Høgsterett gav Stortinget i ettertid lovheimel for å straffe også slike handlingar. Lovendringa kom likevel for seint i høve til mannen som sjikanerte den gifte dama. Dette gir uttrykk for ei anna side av legalitetsprinsippet – lover kan ikkje ha tilbakeverkande kraft. Dersom handlinga ikkje var straffbar på tidspunktet for handlinga, hjelp det ikkje om Stortinget vedtek lov dagen etter. 

Domstolen si bevisvurdering i straffesaker

I Noreg er det domstolane som dømmer i straffesaker. Når retten skal ta stilling til om ein person har gjort det han er tiltala for, må retten vurdere dei bevisa som blir framlagde i retten. Slike bevis kan vere vitneforklaringar, tiltalte si forklaring, tekniske bevis som fingeravtrykk, hårfunn, brytespor osb. 
 
Det er politiet ved påtalemakta som innhentar bevis ved etterforsking, og som bringar saka inn for retten ved tiltalevedtak. Dette er eit viktig prinsipp i strafferetten, og blir kalla ”anklageprinsippet”. Retten skal vere uavhengig i saka og vurdere bevisa utan sjølv på førehand å ha teke stilling til kva for nokre bevis som skal førast. Heller ikkje den personen som er tiltala i saka har plikt til å opplyse saka gjennom å leggje fram bevis. Vi seier at det er påtalemakta som har bevisbøra i straffesaker. 

Kva skal det førast bevis for?

Det må førast bevis for både objektiv skuld og subjektiv skuld. Dette kan vi illustrere med eit eksempel. Person A er tiltala for tjuveri av eit fotokamera frå ein fotobutikk. Politiet har lagt fram ein video der retten kan sjå at A puttar kameraet i lomma og forlèt butikken. Det er då ført gode bevis for at A faktisk tok kameraet (objektiv skuld). Dette er likevel ikkje nok. A må også ha hatt til føremål å ta kameraet frå butikken utan å betale for det (subjektiv skuld). A seier at han kom til butikken for å sjå på eit nytt kamera og at han hadde med seg sitt gamle kamera. Han seier at han plasserte sitt gamle kamera i hylla ved sidan av butikken sitt kamera, og at han tok med seg feil kamera då han forlét butikken, etter å ha bestemt seg for ikkje å kjøpe nytt kamera. Viss A si forklaring er truverdig, vil A måtte frifinnast for tiltalen som følgje av at det ikkje er ført bevis for at A utviste subjektiv skuld. 

Bruken av strafferammer

Det er Stortinget som gir lovheimel for å straffe personar som har gjort seg skuldige i dei aktuelle handlingane. Straffelova § 321 seier til dømes at den som fjernar ein gjenstand som tilhøyrer ein annan og slik skaffar seg noko han ikkje har rett på, kan straffast for dette.
 
I strafferetten vil straff kunne vere fengsel, bøter og samfunnsstraff. Fengselsstraffa kan gjerast på vilkår eller vilkårslaus. At straffa vert gitt som vilkårsdom tyder at personen som vert dømt slepp å sone fengselsstraff dersom han ikkje gjer nye straffbare handlingar i ei prøvetid. Samfunnsstraff tyder at personen slepp å gå i fengsel, men må i staden utføre arbeid og ta del i samtalar med kriminalomsorga.
 
Dersom domstolane skulle stå helt fritt i høve til å bestemme kva for ei straff tjuveri skal medføre, ville dette vere i strid med kravet om lovheimel. Stortinget har difor sett rammer for kva for ei straff dei enkelte handlingane skal kunne medføre.
 
Det finnast generelle rammer for kva slags straff domstolane skal kunne idømme. I Noreg kan vi ikkje dømme personar til dødsstraff i fredstid. Vidare seier straffelova § 31 at minste straff er 14 dagar, og lengste straff er 21 år. Ved dei enkelte vedtaka om straff har Stortinget vidare gitt konkrete rammer for kva for ei straff domstolane kan påleggje. For tjuveri, straffeloven § 321, har Stortinget vedteke at straffa skal vere bøter eller fengsel i inntil 3 år. Det vil seie at domstolane kan påleggje ei straff mellom 14 dagar og 3 år for tjuveri. For visse handlingar har også Stortinget vedteke ei høgare minstetid enn 14 dagar. Den som gjer seg skuldig i drap skal til dømes dømmast til minst 8 år, sjå straffelova § 275. Vidare er det gitt reglar om at straffa kan reduserast til under strafferamma til dømes dersom personen var under 18 år på tidspunktet for handlinga. 
 
Likevel har domstolane etter måten vide rammer når straffa skal fastsetjast. Grunnen til dette er at straffa må tilpassast kvar enkelt person og kvart enkelt forhold. Eit tjuveri kan vere så mangt, og det same kan ein seie om personar som gjer seg skuldig i tjuveri. Særleg gjennom Høgsterett sine avgjersler har det vorte danna praksis for utmåling av straff i konkrete saker, og dette vil vere grunnlaget for kva for ei straff som skal idømmast også i andre saker.