Sivil sak

Her finn du ei oversikt over korleis ei sak etter tvistelova blir behandla frå start til slutt i rettssystemet.

Kva er ei sivil sak?

Ei sivil sak er ein konflikt mellom to eller fleire partar om kven som har lova på seie side. Det kan dreie seg om til dømes arbeidsforhold, familiesaker, eigedomsgrenser, økonomi og saker mot det offentlege.

Domstolane er den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet. Dermed er det viktig at partane skal kunne slå seg til ro med løysinga på konflikten når dommen er avsagt og denne ikkje kan ankast.

Med unntak av foreldretvistar, blir dei aller fleste sivile saker behandla etter reglane i  tvistelova (lenkje til lovdata.no).