Meny

Denne sida viser kva rolle advokaten (også kalt prosessfullmektigen) har i rettssaka.

Den som representerer saksøkjar eller saksøkte i ei sivil sak, blir kalla prosessfullmektig. Prosessfullmektigen er vanlegvis ein advokat eller advokatfullmektig, men i tingretten er det ikkje noko krav om dette. Ordet kjem av at personen har fått fullmakt til å føre ein prosess for ein annan.

Advokat eller advokatfullmektig

Ein advokat har avlagt juridisk embetseksamen, og har advokatløyve. Det er ein føresetnad for å få advokatløyve at juristen etter eksamen har godkjent praksis. Dei fleste advokatar behandlar alle typar saker.

Ein advokatfullmektig har juridisk embetseksamen, men har ikkje advokatløyve. Han er tilsett hjå ein advokat som er ansvarleg for det arbeidet fullmektigen gjer. Advokatfullmektigen kan føre saker for tingretten.

Prosedere eiga sak

Det er opp til den enkelte part om ho eller han ynskjer å bruke prosessfullmektig eller føre saka si sjølv (vere ein såkalla sjølvprosederande part). Retten har likevel høve til å påleggje bruk av prosessfullmektig, dersom dette er nødvendig for å oppnå ei tilfredsstillande framstilling av saka under hovudforhandlinga.

Sjå også Advokatforeningen sin nettstad (jus.no) og www.advokatenhjelperdeg.no

 

 

 

Sida vart sist oppdatert: 09.02.2017, kl. 13:17