Meny

Alle rettssaker i dei alminnelege domstolane blir leidde av fagdommarar. 

Ein fagdommar i dei alminnelege domstolane (tingrett, lagmannsrett og Høgsterett) er ein jurist. Som oftast er han eller ho utnemnt som embetsdommar, men kan også i visse sakstypar vere mellombels tilsett som dommarfullmektig. Ein dommarfullmektig har juridisk embetseksamen og er tilsett for ei avgrensa tid i tingrettane. Dommarfullmektigar kan med visse avgrensingar dømme i alle typar saker på lik linje med embetsdommarar.

Vanlege menn og kvinner er sterkt representert i rettssaker i form av deltakinga frå lekdommarar. Les meir om lekdommerordninga

Krav til ein embetsdommar

Domstollova stiller opp enkelte krav som dommarar må tilfredsstille:

Ein dommar skal vere norsk statsborgar og ikkje vere frådømt stemmeretten. Det er også sett krav til minstealder for dommarar: 30 år for høgsterettsdommarar, fyrstelagmenn og lagmenn. Vidare er minstealderen 25 år for lagdommarar og tingrettsdommarar, og 21 år for dommarfullmektigar. Ifølgje domstollova kan ein dommar ikkje samstundes vere forliksrådsmedlem eller praktiserande advokat.

Embetsdommarar blir utnemnde av Kongen i statsråd. Dei har status som embetsmenn, og er gjennom Grunnlova verna mot oppseiing eller flytting til anna stilling. Ein embetsdommar kan berre bli oppsagd etter rettssak og dom. Desse rettane skal verne om den uavhengige stillinga til dommarane.

Andre typar dommarar

Konstituert dommar: Dommaren i ein rettssak kan også vere ein konstituert dommar. Dette er også ein  jurist, med same vern som ein embetsmann i den perioden konstitusjonen varar. Konstituerte dommarar brukast når ein treng ein dommar i ein kort periode.

Ekstraordinær dommar: Disse er oppnemnt til ei enkelt sak. Ekstraordinære dommarar er som regel pensjonerte dommarar, dei får etter utnemning  vere dommar fram til dei er fylt 73 år.

Tilkalt dommar: Ein tikalt dommar arbeider for ein kort periode i ein annan domstole enn der han er utnemnt.

Etiske prinsipp for dommarar

Det er ei ålmenn oppfatning at oppførselen til ein dommar både i og utanfor retten må vere slik at folks tillit til dommaren og domstolane generelt, ikkje blir svekt. Vilkåra for å gje ein dommar avskjed følgjer av tenestemannslova. Dommarar har eit sterkt oppseiingsvern, og dei kan berre bli fjerna frå stillinga etter rettargang og dom. Praksis viser at dommarar svært sjeldan blir straffa, får avskjed frå stillinga si, eller suspenderte. 

 

 

Sida vart sist oppdatert: 18.02.2015, kl. 16:03