Saksøkjer

Saksøkjar er nemninga på den som går til retten for å få løyst og avgjort ein konflikt. Her er ei oversikt over dei viktigaste rettane og pliktene for ein saksøkjar.

Rettar og plikter for saksøkjaren

Dei viktigaste rettane og pliktene er:

  • Saksøkjaren skal kallast inn til alle rettsmøte i saka og må møte dersom han blir pålagt det. 
  • Han kan velje å føre saka si sjølv eller la ein advokat føre saka. 
  • Han kan føre vitne og leggje fram andre bevis. Han må gje ei sannferdig og fullstendig forklaring, og må gje ei forsikring om at han vil gjere dette.
  • Dersom han er usamd i dei avgjerdene retten tek, har han som hovudregel rett til fornya prøving ved ein høgare domstol.