Meny

Den saksøkte i ei rettssak er den som saksøkjaren har reist sak mot. Denne sida gjev ei oversikt over rolla og rettane til ein saksøkt.

Den saksøkte har stort sett dei same rettar og plikter som saksøkjaren. Dei viktigaste er:

  • Den saksøkte skal kallast inn til alle rettsmøte i saka og må møte dersom han blir pålagt det.
  • Han kan velje å føre saka si sjølv eller la ein advokat ta saka. Han kan føre vitne og leggje fram andre bevis. 
  • Han må gje ei sannferdig og fullstendig forklaring, og må gje ei forsikring om at han vil gjere dette.
  • Dersom han er usamd i dei avgjerdene retten tek, kan han normalt få prøvd dei ved ein høgare domstol.

Sida vart sist oppdatert: 24.06.2015, kl. 14:27