Meny

Ein sjølvprosederande part er omgrepet på ein person som representerar seg sjølv og ikkje brukar advokat i retten. Her er ei rettleiing til korleis ei rettssak blir gjennomført med ein sjølvprosederande part.

Partane kan vere sjølvprosederande og dermed føre si sak utan prosessfullmektig (advokat) ved domstolsbehandling av sivile saker. Dette gjeld både når saken skal behandlast som ei vanlig sivil sak med hovedforhandling og som et småkrav (meir om sakstypane under menypunkta sivil sak og småkravsprosess).

Her er nokre punkt du bør være obs på som sjølvprosederande part uansett sakstype.

Bør eg kontakte advokat?

Det er viktig at du veit kva rettsleg handsaming inneber før du fremjar ei sak for domstolen. I ei sak som er komplisert, omfattande eller involverer sterke følelsar, bør partane vurdere å la ein advokat representere dei. I alle saker er det  ein risiko for å tape, og den som taper blir vanlegvis også idømt å betale motpartens sakskostnader. Du må som regel også betale gebyr og motpartens sakskostnader om du trekkjer saka etter at tingretten har motteke den. Dermed må du vurdere behovet for å sleppe advokatutgifter opp mot risikoen for å tape saka og betale saksomkostningane.
Les om erstating av sakskostnader i tvisteloven (lovdata.no)

Det er mogleg å få dekka utgifter til advokat. Forsikringer, borettslag og fagforeiningar kan ha rettshjelpsordningar som ein del tilbudet sitt. I tillegg tilbyr Advokatvakten (se www.jus.no ) og nokre studentforeiningar rettshjelp.

Nokre typer saker kan også vere egna for mekling konfliktrådet. Det gjeld særleg konflikter der partane uansett skal ha med kvarandre å gjere også etter at konflikten har blitt avgjort (til dømes naboar og i arbeidslivet).

Les meir på http://www.konfliktraadet.no/.

Saksførebuing og veiledning

Om ein av partane ikkje er bistått av ein advokat, må saken som hovudregel fyrst til forliksrådet. Les meir om dette under punktet Sivil sak

Starten på ei tvistesak/sivil sak i tingretten er at saksøkjer tek ut stevning og at saksøkte så kjem med eit tilsvar. Partar utan advokat (prosessfullmektig) kan munnleg gje stevning, tilsvar og andre prosesskriv ved å møte i domstolen. Retten vil da sette opp prosesskrivet i eit skriftleg dokument, men kan ikkje gi råd i saka.

Regler om innhaldet i stevning og tilsvar følgjer av tvisteloven § 9-2 og § 9-3 (lovdata.no).

Dommaren skal bistå partane med å tilrettelegge saken best mogleg under saksførebuinga. Kva som skjer i denne førebuinga kjem an på om saken blir behandla etter reglane om småkravsprosess eller om det er ein sivil sak med hovudforhandling. Korleis prosessane i dei ulike sakstypene går føre seg finn du meir informasjon om i lenkane under. Ver obs på at du som sjølvproserederande part må gjere det teksten seier er advokatens oppgaver.

Sida vart sist oppdatert: 14.08.2017, kl. 10:11