Sakskostnader

Oversikt over kostnader knytte til å få behandla ei sak i retten.

Saker med og utan rettsgebyr

Dei fleste saker er gebyrpliktige (sjå oversikt over rettsgebyr i ulike saker).

Derimot skal det ikkje betalast gebyr for

  • sak om farskap
  • sak om foreldretvist, samværsrett eller foreldremakt
  • ektefolk eller fråskilde om oppheving av formuesfellesskap og om liknande økonomiske forhold
  • umyndiggjering eller oppheving av verjemål
  • sak som blir reist av ein trygda mot Arbeids- og velferdsdirektoratet eller elles i samsvar med pensjons- eller trygdelovgjevinga
  • sak mot arbeidsgjevar, når saka gjeld teneste- eller arbeidsforhold og blir reist av arbeidstakar
  • sak etter tvistelova kap. 36 om overprøving av administrative vedtak om fridomstap og andre tvangsinngrep
  • sak om leige av bustad etter reglane i husleigelova og rettar til part i burettslag
  • sak behandla etter lov om fritaking for militærteneste av overtydingsgrunnar

Les meir i rettsgebyrlova § 10 på lovdata.no

Dekning av utgifter til advokat

Dersom saka som skal i retten, ikkje kjem inn under ordninga med fri rettshjelp, må partane sjølv dekkje utgiftene til eigen advokat. Om saka endar med dom, kan den tapande parten påleggjast å dekkje den vinnande parten sine advokatutgifter.

Sideutgifter i ei sak

Sideutgifter er utgifter som kjem til i samband med behandlinga av ei rettssak, men som ikkje er knytte til rettsgebyr og salær til advokat (prosessfullmektig). Den parten som krev forretninga, dekkjer også alle utgifter til meddommarar, skjønnsmedlemer, sakkunnige, vitne, omsetjingar, særlege undersøkingar og andre sideutgifter. Dei mest typiske sideutgifter er utgifter til fagkunnige meddommarar og sakkunnige.

Hovudregelen er at sideutgifter skal betalast forskotsvis, men enkelte advokatar har rett til å betale etterskotsvis. Til liks med rettsgebyr er det også saksøkjar som skal betale forskot/dekkje sideutgiftene i fyrste omgang, men kven som til slutt må bere kostnadene, blir fastsett i dommen/orskurden ut frå dei alminnelege reglane om sakskostnader (tvistelova kapittel 20).

Skriftleg oppdragsstadfesting frå advokaten

Advokatar som er medlemer av Advokatforeningen er pålagde å gje skriftleg oppdragsstadfesting (lenkje til Advokatforeningen sin nettstad) til klientane sine. Stadfestinga skal opplyse om kva oppdraget går ut på og forventa omfang, korleis salæret vil bli berekna og fakturert, og i tillegg informasjon om klagerett. Alle som bruker advokat, blir rådde til å be om ei slik oppdragsstadfesting.

Dersom du synest salærkravet frå eigen advokat er for høgt, kan ein i ei sivil sak be retten om å ta stilling til dette, sjå tvistelova § 3-8 (lovdata.no).