Rettsgebyr

Rettsgebyret (R) er eit gebyr som må betales av den som går til sak. Gebyret er frå 1. januar 2018 på 1130 kroner. 

Kven skal betale?

Rettsgebyret skal betalast av den som går til sak eller den som ankar ei avgjerd frå retten.
Dersom ein vinn saka, kan motparten måtte betale rettsgebyret som ein del av avgjerda om sakskostnadene.
Ein part må betale rettsgebyr på forskot om han ikkje brukar advokat.

Nokre saker er unnteke

Farskapssaker, foreldretvister, saker etter husleigelova, sak mot arbeidsgjevar og nokre andre typar saker er gebyrfrie. Sjå lovdata for alle unntak.

Sideutgifter kjem i tillegg

I tillegg til rettsgebyr kjem det som blir kalla sideutgifter i samband med rettssaka. Dette kan vera utgifter til sakkunnige, sakkunnige meddommarar, reisegodtgjering til vitne og anna. I sivile saker må sideutgiftene dekkast av partane.

Oversikt over rettsgebyr

Forliksrådet

Sjå www.forliksraadet.no

Sivile saker i tingretten

Inngangsgebyret er 5 x R. Det inkluderer første dag av hovudforhandlinga.
Det skal betalast 3 R for kvar dag til og med dag 5. Deretter kostar det 4 R for kvar dag.

1 dag, (5 R) kr 5650,-. 
2  dagar, (8 R) kr 9040,-. 
3 dagar, (11 R) kr 12 430,-. 
4 dagar, (14 R) kr 15 820,-.
5 dagar (17 R) kr 19 210,-.
6  dagar (21 R) kr 23 730,-.
7 dagar (25 R) kr 28 250,-.
8 dagar (29 R) kr 32 770,-.

Avvising eller forlik

Dersom saka blir avvist, nekta fremma eller heva (2 R) = kr 2260,-
Dersom saka blir forlikt/trekt tidlegare enn 4 veker før hovudforhandling: (2 R)= kr 2260,- 
Dersom saka blir forlikt/trekt seinare enn 4 veker før hovudforhandling: (2,5 R)= kr 2825,-

Dersom saka blir trekt eller forlik blir inngått under hovudforhandling, skal det betalast halvparten av fullt gebyr. Det same gjeld om saka blir trekt dagen før hovudforhandling eller om det blir sagt fråværsdom. Eit eksempel: Om det blir inngått forlik på dag to under hovudforhandling, skal halvparten av kr 9 040,- betalast.  

Uteblivelsesdom

Uteblivelsesdom (fråværsdom): 2,5 R: kr 2 25,-.

Småkravsprosess (tvistelova kapittel 10)

Det skal betalast 3,5 R = kr 3 955,- for småkravssaker. Dersom saka først har vore i forliksrådet, så blir gebyret 2,5 R= kr 2825,-.

Mortifikasjon

Mortifikasjonssaker: 0,8 R (kr 904,-).

Skjønn

Det skal betalast 5 R for kvar dag det blir halde skjønn=  kr 5650,-
Dersom skjønn blir heva før første dag: (2 R): kr 2260,-.

Tvangsfullbyrding og mellombels sikring (arrest og mellombels åtgjerd)

For krav om tvangsfullbyrding skal det betalast 2,1 gonger rettsgebyret (kr 2373,-), sjølv om kravet seinare blir trekt eller avvist.

For krav om utlegg, også av tvangsgrunnlag frå utlandet, betalast 1, 7 R = kr 1921,-.

Klage til tingretten i namssaker (1 R) kr 1130,-.
Arrest og mellombels åtgjerd (2,5 R) kr 2825,-.
Behandling av krav om tvangsoppløysing av sameige (2,1 R) kr 2373,-.
Gjennomføring av tvangsoppløysing av sameige (9 R) kr 10 170.

Dersom retten vedtek andre typar tvangsfullbyrding, kjem eit gebyr i tillegg. Oversikt over typar tvangsfullbyrding og gebyr, sjå rettsgebyrloven § 14 (lovdata.no).

Skifte og konkursbehandling

Proklama (4 R) =  kr  4520,-.

Bubehandling av dødsbu, felleseigebu, konkursbu (18 R) kr 20 340,-. 
Som regel oppnemner tingretten ein bustyrar. Då blir antallet rettsgebyr å betale halvert (9 R). I tillegg kjem salær til bustyraren.

Bubehandling av felleseigebu og konkursbu (25 R) kr 28 250,-.

Dersom konkursbehandlinga blir innstilt: (12,5 R) kr 14 125,-. 
Avslått/trekt begjæring om konkurs eller gjeldsforhandling / dersom konkurssaka blir heva (3 R) kr 3390,-.

Forskot til dekning av bukostnader ved krav om offentleg skifte av felleseigebu og dødsbu = kr 30 000,-. (kan variere noko frå tingrett til tingrett).

Forskot til dekning av bukostnader ved krav om om konkurs: kr 56 500,-.

Førebuande rettsmøte (2 R) 2260 kr. 
Gjeldsforhandlingsbu (5 R) 5650 kr.

Notarialstadfestingar (notarius publicus)

Kr 282,- for notarialattestar (0,25 R).

Oppbevaring av testamente

Å oppbevare eit testament hos ein domstol kostar kr 904,- (0,8 R).

Lagmannsrett og Høgsterett

Anke

Inngangsgebyr ankeforhandling (24 R) = kr 27 120.
Det beløpet gjeld også anke i småkravssaker. Det skal likevel berre betalast 4 R dersom lagmannsretten opphevar dommen etter tvistelovas § 29-12 annet ledd 

Tillegg for hovudforhandling på meir enn 1 dag:

Hovudforhandling i to dagar, til saman: (27 R)
Hovudforhandling i tre dagar, til saman: (30 R)
Hovudforhandling i fire dagar, til saman (33 R)
Hovudforhandling i fem dagar, til saman (36 R)
Hovudforhandling på meir enn fem dagar, tillegg per dag: (4 R)

Saker som ikkje endar med dom

Ved avleia anke: (24 R) = 27 120.
Om anken blir nekta fremma eller heva: (2 R) = kr 2260,-.
Anke over orskuder og beslutningar: (6 R) = kr 6780,-.

Om saka blir trekt innan fire veker før hovudforhandling: (2 R) = 2 260 kr.
Om saka blir trekt seinare enn fire veker før hovudforhandling: (12 R) = 13 560.
Om saka blir trekt eller forlik blir inngått i hovudforhandlinga, skal det betalast halvparten av fullt gebyr.

Lova om rettsgebyr (lovdata.no)