Meny

Ein dom avsagt i tingretten kan du anka til lagmannsretten. På denne sida finn du informasjon om fristar og prosedyrar.

Ein dom avsagt i tingretten kan ankast til lagmannsretten gjennom ei ankeerklæring. Fristen for å anke er som regel på ein månad etter at dommen i tingretten er gjort kjend for partane. Anke over ein dom i tingretten blir send av advokaten til den tingretten som har teke avgjerda, eller presentert munnleg for tingrettsdommaren. Ankeerklæringa skal peike på kva feil ein meiner er gjort. Tingretten syter for at erklæringa blir forkynt for motparten, som samstundes får ein frist til tilsvar. Når tilsvaret ligg føre eller tilsvarsfristen er ute, blir saksdokumenta sende over til lagmannsretten.

Kva for saker kan ankast?

Storleiken på tvistesummen legg føringar for om ein kan anke. Dersom verdien på ankegjenstanden er mindre enn 125 000 kroner, må ein ha samtykke frå lagmannsretten for å anke. Ved å avgrense anketilgangen på denne måten, hindrar ein at sakskostnadene i saker av mindre økonomisk verdi blir større enn det beløpet partane strir om.

Lagmannsretten har også eit avgrensa høve til å nekte å ta ein anke til behandling dersom det såkalla ankeutvalet i domstolen finn det klart at anken ikkje kan føre fram. Denne behandlinga blir gjort av tre dommarar og blir kalla ankeprøvingssak. Avgjerd om å nekte ein anke vidare behandling blir teken ved ei skriftleg grunngjeven avgjerd.

Kven dømmer i lagmannsretten?

I lagmannsretten blir ei sivil sak som regel behandla av tre fagdommarar. I enkelte sakstypar skal det alltid vere meddommarar. I tillegg kan partane uansett krevje at det blir kalla inn to meddommarar.
Når det blir kravd særleg kunnskap om eit saksområde, kan retten oppnemne fagkunnige meddommarar. Meddommarane dømmer på like fot med dei juridiske dommarane.

Korleis går hovudforhandlinga i lagmannsretten føre seg?

Hovudforhandlinga går stort sett føre seg på same måte som i tingretten.

Anke til Høgsterett

Den som er misnøgd med dommen i lagmannsretten,  kan anke til Høgsterett. Les meir om saksbehandlinga i Høgsterett på Høyesterett.no

Sida vart sist oppdatert: 16.09.2015, kl. 11:48