Meny

Dersom fleire har tilnærma like krav på likt grunnlag mot same motpart eller same motpartar, kan krava slåast saman i same søksmål. Dette blir då eit såkalla gruppesøksmål.

Ved gruppesøksmål kan ein enklare å få ei rettsleg prøving av ei sak der det er mange som er råka. Her gjev vi ei oversikt over reglane. Sjå også tvistelova § 35 på lovdata.no

Kva er eit gruppesøksmål?

Omfanget av ein rettssak må stå i forhold til verdien på det tvisten gjeld. Det vil seie at det ikkje skal brukast urimeleg store ressursar på rettssaka dersom verdien av det usemja dreier seg om, er låg. Når fleire slår seg saman om krava sine, kan verdien av saka mangedoblast sjølv om kvart enkelt krav har låg verdi. Til dømes kan hundre personar går til søksmål saman som følgje av eit mogleg skadeleg produkt, sjølv om skaden avgrensar seg til tusen kroner per person. Gruppesøksmål gjeld ikkje berre for små krav. Det kan også brukast når verdien av dei enkelte krava er høgare, dersom det er mange som er i same situasjon.

Låg risiko for kvar enkelt person

I gruppesøksmål skal det vere enkelt å slutte seg til saka. I tillegg skal omkostnadene og omkostnadsrisikoen (om ein taper saka) for den enkelte vere avgrensa og føreseieleg. Det blir også kravd liten innsats og deltaking i søksmålet frå den enkelte.

Vilkår for gruppesøksmål

Dette er vilkåra for gruppesøksmål:

  • Krava må kunne behandlast av retten med same samansetjing og etter hovudsakleg same saksbehandlingsreglar.
  • Gruppeprosess må vere den beste behandlingsmåten
  • Det er grunnlag for å peike ut ein grupperepresentant

Slik går du fram

Gruppesøksmål kan reisast av alle som fyller vilkåra for å vere gruppemedlem dersom søksmålet blir fremja. Gruppesøksmål kan også reisast av foreiningar, stiftingar eller offentlege organ med oppgåve å fremje særskilte interesser. Då må søksmålet liggje innanfor deira føremål og naturlege verksemd.

Stemning kan takast ut for den lokale tingretten der ein som kan vere gruppemedlem, kunne reist vanleg søksmål. Dersom det er ei foreining, stifting eller offentleg organ som fremjar gruppesøksmålet, kan gruppesøksmålet reisast for tingretten på den staden der organet har sitt hovudkontor. Eit gruppesøksmål skal ikkje bringast inn for forliksrådet før det blir reist for tingretten.

Rettane og pliktene til gruppa skal varetakast av ein grupperepresentant som retten peikar ut. Grupperepresentanten treng ikkje vere den same som har teke ut stemninga. Organisasjonar kan også peikast ut som grupperepresentant. Gruppa skal i tillegg som hovudregel ha ein prosessfullmektig som er advokat.

Retten skal så tidleg som mogleg avgjere om gruppesøksmålet skal fremjast eller avvisast. Når eit gruppesøksmål er godkjent, skal retten gjennom varsel, kunngjering eller på annan måte syte for at gruppesøksmålet blir gjort kjent overfor dei som kan slutte seg til det, eller som er gruppemedlemer.

Sakskostnader

Det er grupperepresentanten som har rett og plikt i forhold til sakskostnadene. Gruppemedlemene er berre ansvarlege for sakskostnadene i den utstrekninga dette er sett som vilkår for registrering. Dersom den som reiser søksmålet eller grupperepresentanten krev det, kan retten fastsetje som vilkår for registrering at gruppemedlemene skal ha ansvar for eit fastsett maksimalbeløp for kostnadene. Det kan også avgjerast at beløpet heilt eller delvis skal betalast til prosessfullmektigen for gruppa før registrering.

Kven kan bli medlem?

Hovudregelen er at gruppesøksmålet berre omfattar dei som er registrerte som gruppemedlemer. Den enkelte gruppemedlemen må altså aktivt melde seg på gruppesøksmålet innan ein frist som domstolen fastset. Retten skal også vurdere om den som melder seg på, har eit krav som fell innanfor ramma av gruppesøksmålet. Så snart den som melder seg på er godkjent som gruppemedlem, skal vedkomande førast inn i grupperegisteret som blir ført elektronisk i domstolen. Vedkomande skal også varslast om resultatet av rettsprøvinga av søknaden om å bli gruppemedlem.

Retten kan også bestemme at dei som har krav innanfor ramma for gruppesøksmålet, skal vere gruppemedlemer utan registrering i grupperegisteret. Vilkåra for dette er at dei aktuelle krava i gruppesøksmålet gjeld så små verdiar eller interesser at eit stor fleirtal av dei ikkje kan forventast fremja ved individuelt søksmål, og krava ikkje er forventa å reise spørsmål som krev individuell behandling av kvart krav. Ein kan melde seg ut av gruppesøksmålet ved å kontakte domstolen. Retten skal føre eit utmeldingsregister.

Sida vart sist oppdatert: 10.11.2015, kl. 15:16