Mellombels sikring

På denne sida får du vite meir om kva mellombels sikring er og korleis eit krav omme dette kan framsetjast.

Kva er mellombels sikring?

I ein rettsstat kan ikkje kvar borgar sjølv ”ta seg til rette”, sjølv om det er for å sikre rettane sine. Dersom noen skylder deg pengar, men nektar å betale, må domstolen dømme vedkomande til å betale, før vidare inndriving kan skje. Da kan det og vere behov for å sikre at han ikkje bruker opp pengane eller fjernar verdiane sine før du har fått dekning for kravet ditt.

Det kan og vere at du som huseigar opplever at ein annan ulovleg stenger atkomsten til bustaden din. Då kan det vere behov for å få atkomsten åpna att umiddelbart. Mellombels sikring er ein framgangsmåte som kan nyttast i slik tilfelle. Mellombels sikring omfattar arrest (sikring av eit pengekrav mot eit anna) og mellombels forføyning (sikring av krav på anna enn pengar).

Korleis framsetje kravet?

Ei begjæring om mellombels sikring må sendast retten der den saksøkte bur, eller der den gjenstanden som kravet knyttar seg til, finst. Dersom tvisten alt er til behandling ved ein domstol, skal kravet sendast dit.

I kravet må du oppgi partane sitt namn, adresse og helst telefonnummer, og beskrive hva saka gjeld. Du må gjere greie for kravet som skal sikrast, og legge ved dokumentasjon for det. I kravet beskriv du og grunnen for at du krev sikring. Du bør og gjere greie for korleis du meinar sikringa bør skje. Til slutt formulerer du ein påstand som kort og nøyaktig beskriv kva du meiner retten si avgjerd bør gå ut på. I tillegg kan du legge ned påstand om dekning av dine sakskostnader. Begjæring med eventuelle vedlegg må leverast i fire underteikna eksemplar.

Kva kostar det?

Det skal som hovudregel betalast 2,5 gongar rettsgebyret for å kreve mellombels sikring. Dette gebyret må du vanlegvis betale når du leverer kravet.

Tingretten si behandling

Dersom tingretten finn at vilkåra for å få mellombels sikring ikkje er oppfylt, kan den straks avslå kravet. Dersom kravet blir tatt opp til behandling, vil retten anten holde munnlege forhandlingar eller ta stilling til kravet utan å innkalle partane til møte. Dersom saka hastar kan retten unntaksvis ta kravet til følgje utan at motparten har fått uttale seg.

Dersom retten tar kravet til følgje utan at det blir haldt munnlege forhandlingar, kan motparten eller andre som avgjerda går ut over, og be om munnlege forhandlingar. Retten står fri til å endre den tidligare avgjerda si.

Dersom retten tar kravet til følgje kan den bestemme sikringsforma, uavhengig av kva som blir kravd. Den som krev sikring kan og bli pålagt å stille sikring. Sjølve gjennomføringa blir normalt overlaten til namsmannen.

Klage på retten si avgjerd

Tingretten si avgjerd (”kjennelsen”) kan bringast vidare til lagmannsretten. Har tingretten vedtatt mellombels sikring utan munnlege forhandlingar, kan den som er usamd i avgjerda be om munnlege forhandlingar. Saka blir då prøvd på nytt i tingretten.

Tingretten si nye avgjerd kan bringast inn for lagmannsretten. Fristen er ein måned frå avgjerda er forkynt. Dette skal stilast til lagmannsretten, men sendast til namsretten, som videresender det til lagmannsretten etter å ha innhenta merknader frå motparten.

Gebyr for anka

Gebyr for å bringe spørsmålet inn for lagmannsretten er normalt 6 gongar rettsgebyret. Dette gebyret skal i utgangspunktet betalast inn seinast samtidig som kjæremålet blir levert. Advokatar har likevel rett til betaling på etterskot.

Kor lenge varer avgjerda? (arrest)

Ein arrest fell bort utan at den formelt blir oppheva, dersom:

· den som har fått arrest, seinare oppnår utlegg i same gjenstand
· retten sitt krav til sikring blir ikkje følgt opp, eller pålegg frå retten om å ta ut søksmål blir ikkje følgt opp
· kravet på sakskostnader blir betalt
· motparten blir frifunnen i eit ordinært søksmål
· den som har fått mellombels sikring, gir seinare avkall på denne

Kor lenge varer avgjerda? (mellombels åtgjerd)

Ein mellombels åtgjerd fell bort utan at den formelt blir oppheva, dersom:

· den er tidsavgrensa og tidsfristen er utgått
· retten sitt krav til sikring blir ikkje følgt opp, eller pålegg frå retten om å ta ut søksmål blir ikkje følgt opp
· kravet blir oppfølgt og sakskostnader blir betalt
· motparten blir frifunnen i eit ordinært søksmål
· den som har oppnådd arrest gir seinare avkall på denne

Ei avgjerd om arrest varer normalt eitt år frå den blir avsagt, med mindre det er reist søksmål eller satt i gang tvangsfullbyrding av kravet. Det finst ingen tilsvarande bestemmelse for mellombels sikring.