Meny

Småkravsprosess er ein enkel, rask og rimeleg måte å behandle tvistar på. Denne sida gjev ei oversikt over kva saker som kan behandlast etter reglane om småkravsprosess og kva som skjer i småkravssaker.

Kva slags saker er småkrav?

Småkrav er saker der tvistesummen (verdien på det ein strir om), er lågare enn kr 125 000,-.

Det er også ei opning for at saker dertvistesummen er høgare enn kr 125 000,- kan behandlast som småkrav. Då må likevel partane vere samde i dette, samstundes som retten må finne det forsvarleg. Partane kan ikkje avtale det motsette, å velje bort småkravsprosess til fordel for ålmennprosess (ordinær behandling av sivile saker) når tvistesummen er under kr 125 000,-. 

Saker som ikkje dreier seg om pengar eller økonomiske verdiar, kan også behandlast som småkrav. Dette føreset at partane er samde i dette og at domstolen synest det er ein forsvarleg framgangsmåte.

Kva slags saker er uaktuelle?

Det er enkelte saker som ikkje kan behandlast som småkrav, sjølv om vilkåra ovanfor er oppfylte. Det gjeld til dømes gruppesøksmål og barnefordelingssaker. Saker som blir behandla etter andre lover enn tvistelova, er også unnatekne. Dette gjeld saker etter skiftelova, tvangsfullbyrdingslova, skjønnslova og jordskiftelova. I tillegg er det eit unntak for saker som gjeld prinsipielle spørsmål, som kan leggje føringar for liknande saker i framtida.

Slik går du fram

I småkravsprosessen skal det vere ein samanheng mellom storleiken på tvisten og ressursane ein bruker på å løyse han. Det er til dømes mogleg å føre saka sjølv, utan advokat (prosessfullmektig).

 Slik gjer du:

  • Fyrst skal saka vere behandla av forliksrådet. Det finst eit forliksråd i kvar kommune. Les meir om behandling i forliksrådet.
  • Ein dom frå forliksrådet kan bringast inn for tingretten ved stemning innan éin månad. Med stemning meiner vi det dokumentet ein sender domstolen fordi ein ynskjer å starte ei sivil sak. Båe partane i ein tvist kan ta ut stemning.
  • Partar utan advokat (blir kalla prosessfullmektig i sivile saker) kan leggje fram stemning, tilsvar og andre prosesskriv munnleg ved oppmøte i domstolen. Retten vil då setje opp prosesskrivet i eit skriftleg dokument, sjå tvistelova § 12-1 på lovdata.no.  
  • Tvistelova § 9-2 stiller bestemte krav til utforminga av ei stemning. Stemninga skal gje grunnlag for ei forsvarleg behandling av saka. Den faktiske og rettslege grunngjevinga i stemninga må vere slik at den som blir saksøkt (saksøkte) kan ta stilling til krava og førebu saka. Stemninga må innehalde ein nøyaktig påstand som viser det saksøkjaren ynskjer dom for. Med påstand meiner vi det resultatet ein part ynskjer retten skal kome fram til for å konkludere saka. Lenkje til tvistelova § 9-2 på lovdata.no
  • Sjølvprosederande partar kan bruke eit skjema for stemning og tilsvar i saka. Med sjølvprosederande partar meiner vi partar som ynskjer å representere seg sjølv og dermed ikkje bruke advokat. Gå til skjema-mal for stemning og tilsvar (side med oversikt over skjema).
  • Etter at stemninga er komen inn til retten, undersøkjer dommaren om ho oppfyller krava i lova. Dersom det ikkje er tilfelle, blir saka avvist. Om stemninga er i tråd med dei stilte krava, blir ho send til den som er saksøkt. Saksøkte får ein frist til å svare, vanlegvis tre veker. Dersom saksøkte ikkje godtek dei krava saksøkjaren har kome med, må saksøkte gje uttrykk for dette i svaret. Dette kallar vi tilsvar. Dersom saksøkte ikkje har advokat, kan han eller ho kome med eit munnleg tilsvar ved å møte personleg i domstolen. Til liks med stemninga, så bør også tilsvaret avsluttast med ein påstand. Dersom saksøkte ikkje kjem med tilsvar innan fristen, kan saksøkjaren ha krav på at retten seier dom i samsvar med hans påstand. Dette kallar vi fråværsdom.
  • Neste steg i saka er at retten førebur saka. Dette skjer vanlegvis utan at partane deltek i eit rettsmøte. Retten skal gje nødvendig rettleiing, avklare kva som bør gjerast under saksførebuinga og avklare om det kan vere grunnlag for ei minneleg løysing (at partane sjølv med god vilje kan finne ei løysing på konflikten utan medverknad frå retten).

Sluttbehandling av saka

Sjølve sluttbehandlinga av saka skal gå føre seg munnleg i eit rettsmøte. Her får ein høve til å grunngje eige krav, gjere greie for bevisa og føre vitne. Rettsmøte til sluttbehandling i småkravsprosessen blir gjennomført etter same modell som i hovudforhandling i ei sivil sak, men det er større opning for retten til å forenkle behandlinga.
Les meir om hovudforhandling i ei sivil sak

Rettsmøtet kan også haldast som fjernmøte, det vil seie at ein eller båe partane kan delta per telefon eller videokonferanse. Rettsmøtet skal som hovudregel ikkje vare meir enn éin dag, og vil vanlegvis ikkje overstige ein halv dag. Partane pliktar innan éin veke før rettsmøtet å varsle om bevis og sende inn dokumentbevis som ikkje tidlegare er varsla eller sende inn.

Les meir om rettsmøte for sluttbehandling av saka i tvistelova § 10-3 på lovdata.no

Dersom ein ikkje oppnår ei minneleg løysing i saka, skal ho avsluttast ved dom innan tre månader etter at stemninga vart lagd fram. Ved munnleg behandling kan dommen kunngjerast ved avslutninga av rettsmøtet, elles innan éi veke etter at ho er teken opp til doms. Dommen vil kort forklare kva saka gjeld, gje att påstandar og påstandsgrunnlag og gjere greie for kva moment retten har lagt avgjerande vekt på. Dersom dommen blir kunngjord ved avslutninga av rettsmøtet, gjer dommaren munnleg greie for hovudpunkta i grunngjevinga. Dommen skal gjevast partane innan éi veke etter rettsmøtet.

Sakskostnader

For å avgrense storleiken på sakskostnadene, kan kvar part berre krevje 20 % av tvistesummen i sakskostnader. Likevel alltid minst kr 2 500 og aldri meir enn kr 25 000. For dei grunnlause sakene kan ein krevje dei faktiske kostnadene ein har hatt. Sjå tvistelova § 10-5 for alle detaljar.

Saksøkjar må betale rettsgebyr før retten tek saka til behandling. Sjå infoside om rettsgebyr.

Anke

Der er same høve til å anke ei sak som er ført etter småkravsprosess, som ved saker som er førte som ei sivil sak med hovudforhandling (rettssak). Men det er ikkje mogleg å føre ei sak for lagmannsretten som småkrav. Det vil seie at ankesaka blir då behandla som ei ordinær sak etter ålmennprosess, med dei følgjer det får for blant anna omfang og utgifter. Anke over dom kan ikkje fremjast utan samtykke frå lagmannsretten, sjå tvistelova § 29-13.
Det lagmannsretten vurderer, er sakskarakteren, behovet partane har for ein ny gjennomgang av saka, og om det er veikskapar ved avgjerda eller saksbehandlinga i tingretten.

Sida vart sist oppdatert: 05.01.2018, kl. 12:25