Straffesak

I ei straffesak skal domstolen avgjere om tiltalte er skuldig og i tilfelle kva straff han eller hun skal få. På desse sidene får du oversikt over korleis ulike typar straffesaker blir behandla og kva for straffereaksjonar vi har.

Det er berre domstolane som kan idømme straff og ingen kan dømmast utan at det dei har gjort er straffbart etter lova. Alle straffesaker startar i tingretten (sett bort i frå Konfliktråda for mindre alvorlege saker). I tingretten behandlar ein ei straffesak i hovudsak som tilståingsdom eller i meddomsrett.

Her gis ei kort oversikt over gangen i ei straffesak, så meir informasjon under "Sakstypar".

Tingretten si rolle i ei straffesak

Tingretten kan ha ei rolle i ei straffesak heilt frå politiet får mistanke om ei strafflagd handling og til dommen er avsagd.

Under etterforskinga

Medan politiet etterforskar, kan domstolen blant anna treffe avgjerd om

Straffesak i domstolen

Når saka er ferdig etterforska og påtalemakta (politiet, statsadvokaten eller riksadvokaten) har konkludert med at det er utført ei strafflagd handling, kan saka avgjerast ved

  • Førelegg. Påtalemakta gjev den sikta eit førelegg (dersom sikta ikkje vedtek førelegget, blir saka send til tingretten)
  • Tilståingsdom. Dersom sikta tilstår og samtykkjer i at tingretten behandlar og avgjer saka på denne måten.
  • Meddomsrett. Saka blir send til tingretten som behandlar saka. 

Dersom tiltalte blir domfelt, skal det utmålast ei straff. Straffereaksjonen kan vere fengsel, bot, samfunnsstraff, forvaring og tap av rettar. Meir informasjon om straffereaksjonane.

Kva kan ankast?

Avgjerdene i tingretten kan ankast til lagmannsretten. Både den som er domfelt og påtalemakta kan anke. Den fornærma, pårørande og etterlatne har ikkje ankerett.

Anken kan gjelde

  • bevisvurderinga under skuldspørsmålet 
  • straffutmålinga 
  • saksbehandlinga 
  • lovbruken

Ikkje alle ankar blir behandla

Lagmannsretten skal vurdere alle ankar, men ikkje alle ankar blir fremja til full ankebehandling i lagmannsretten, sjå straffeprosesslova § 32 (lenkje til lovdata.no).

I saker om forhold som etter lova kan medføre fengsel i meir enn seks år, kan anken vanlegvis ikkje nektast behandling. I saker der påstanden frå påtalemakta var idømming av bot, inndraging eller tap av førarkort, og retten ikkje avsa dom for annan straffereaksjon, er utgangspunktet at anken ikkje blir fremja. 

I andre saker kan anken avvisast når lagmannsretten finn det klart at han ikkje vil føre fram.

Full ankebehandling  - meddomsrett

Dersom strafferamma i saka er inntil seks års fengsel, er lagmannsretten samansett som meddomsrett. Det vil seie at tre fagdommarar og fire meddommarar utgjer retten. Meddommarane blir trekte tilfeldig frå eit utval, det same som for lagrettemedlemer. Det skal vere to kvinner og to menn.

Full ankebehandling  - lagrette/jurysak

I saker der strafferamma er seks års fengsel eller meir, skal skuldspørsmålet vanlegvis avgjerast av lagretten (juryen). Lagretten består av ti personar og skal helst setjast saman med fem kvinner og fem menn. For kvar sak blir medlemene trekte frå utvalet av lagrettemedlemer. Domstolen innkallar alltid fjorten lagrettemedlemer og to varamedlemer.

Tiltalte og påtalemakta kan etter visse reglar velje bort (skyte ut) inntil tre lagrettemedlemer kvar.

Avgrensa ankebehandling

Saka blir avgjord av tre fagdommarar om lagmannsretten berre skal behandle straffutmålinga i saker der strafferamma er fengsel i inntil seks år. Om anken gjeld straffutmålinga i saker der strafferamma er seks års fengsel eller meir, deltek fire meddommarar og tre fagdommarar.

Om anken gjeld lovbruk eller saksbehandling (det vil seie at lagmannsretten berre skal ta stilling til om tingretten har brukt lova riktig, eller har gjort feil i saksbehandlinga) blir retten sett berre med tre fagdommarar.