Meny

Den som representerer påtalemakta i ei straffesak, kallar vi aktor.

Aktor har juridisk embetseksamen og er vanlegvis tilsett i politiet eller hjå statsadvokaten.

For at tiltalte skal kunne dømmast, må aktor føre bevis for at han eller hun er skuldig. Tiltalte skal ikkje vere nøydd til å føre bevis for at han er uskuldig. Aktor skal vere mest mogleg nøytral og skal også presentere dei bevisa som går i tiltaltes favør.

Sida vart sist oppdatert: 21.02.2014, kl. 12:08