Den krenkte

På denne sida finst informasjon om rolla fornærma og etterlatne har og rettane deira i ei rettssak, attåt lenkjer til andre etatar.

Fornærma er nemninga på den som har vore utsett for ei strafflagd handling. I rettssaker etter at nokon er død som ei følgje av ei strafflagd handling, gjeld nemninga etterlatne for:

  • ektefelle eller sambuar
  • barn
  • foreldre

Deltek som vitne

Påtalemakta skal på vegner av ålmenta påtale straffesaker. Både fornærma og etterlatne vil ha status som vitne dersom dei skal forklare seg under rettssaka (hovudforhandlinga). Fornærma og etterlatne har rett til å vere til stades i alle rettsmøte, med mindre retten bestemmer noko anna. Dei har høve til å følgje heile hovudforhandlinga. Andre vitne kan ikkje høyre på hovudforhandlinga før dei sjølv har forklart seg.

Kan ikkje anke

Fornærma og etterlatne har ikkje høve til å bruke rettsmiddel i avgjerdene mot sikta/domfelte. Det vil seie at dei eksempelvis ikkje kan anke avgjerda dersom den sikta ikkje blir varetektsfengsla eller dersom den tiltalte blir frifunnen. Sjå elles eige punkt nedanfor om erstatningskrav.

Ordninga med bistandsadvokat

Både fornærma og etterlatne kan ha krav på bistandsadvokat. Det følgjer av straffeprosesslova § 107  a (lenkje til lovdata.no) i kva for tilfelle det gjeld. Til dømes har fornærma i saker om visse typar seksuelle overgrep krav på bistandsadvokat, og etterlatne i saker der nokon under 18 år er død som følgje av strafflagd handling. Retten kan også oppnemne bistandsadvokat når særlege forhold tilseier at det er behov for advokat.

Bistandsadvokaten skal vareta interessene til fornærma og etterlatne i samband med etterforsking og hovudforhandling i saka. Under hovudforhandlinga kan bistandsadvokaten på vegner av fornærma og etterlatne stille spørsmål til tiltalte, vitne og sakkunnige. Dette gjeld uavhengig av om det blir fremja krav om erstatning i saka.
Sjå eige punkt om bistandsadvokat

Erstatningskrav

I saker der fornærma og etterlatne har krav på bistandsadvokat, blir eit eventuelt erstatningskrav fremja av bistandsadvokaten. I andre saker må fornærma og etterlatne som har eit erstatningskrav dei ynskjer fremja i samband med straffesaka, fremje det for påtalemakta, som avgjer om kravet skal takast med. Blir det fremja erstatningskrav i høve straffesaka, kan fornærma eller etterlatne vere partar for den delen av saka som gjeld dette kravet.

Rekkjefølgje på forklaringar i rettssalen

I de tilfella fornærma og etterlatne har krav på bistandsadvokat, skal fornærma forklare seg før tiltalte under hovudforhandlinga. For etterlatne som skal forklare seg, kan retten bestemme at dei skal forklare seg før tiltalte. Fornærma og etterlatne med bistandsadvokat har rett til å kommentere bevisførselen undervegs, og til å kome med ein sluttkommentar. Dette bør gjerast under rettleiing av bistandsadvokaten.

Fornærma som har fremja erstatningskrav får tilsendt dommen. Andre fornærma må sjølv kontakte politiet eller retten dersom dei ynskjer kopi av dommen.

Rett til godtgjersle

Fornærma med bistandsadvokat og etterlatne har rett til godtgjersle som vitne for heile den tida dei er til stades under hovudforhandlinga. Også steforeldre og søsken til avdøde har rett til godtgjersle. I særlege tilfelle kan følgjeperson få godtgjersle for å vere til stades i hovudforhandling.

Bruke privat advokat

Fornærma og etterlatne som ikkje har krav på bistandsadvokat etter lova, har høve til å la seg representere ved privat engasjert advokat. Advokaten vil ikkje ha andre prosessuelle rettar under hovudforhandlinga enn det fornærma og etterlatne sjølv har.

Habilitetsreglar

Ingen kan vere dommar i ei sak der han eller ho er fornærma eller etterlaten ved den strafflagde handlinga, eller står i nært forhold til desse ved slektskap, svogerskap, venskap eller liknande. Reglane om habilitet finst i domstollova §§ 106 – 108.

Lenkjer:

Reglane i straffeprosesslova om bistandsadvokat på lovdata.no

Rettleiaren Barn som voldsofre (nettstaden til Stine Sofies stiftelse)

Rettleiaren Juridiske rettigheter til deg som er blitt utsatt for kriminelle handlinger i Norge (Justisdepartementet sin nettstad).

Rådgjevingskontora for kriminalitetsoffer sin nettstad

Gå til nettstaden til Kontoret for valdsofferstatning