Forsvarar

Forsvararen hjelper sikta eller tiltalte i straffesaka. I dei fleste saker har tiltalte krav på at det offentlege betaler forsvararen. Den som er sikta eller tiltalt, kan fritt velje forsvarar.

Dersom han ikkje har noko bestemt ynske, vil domstolen oppnemne forsvarar. Vanlegvis er forsvararen ein advokat. Men tiltalte kan også velje ein forsvarar som ikkje er advokat. I slike tilfelle må retten godkjenne valet.

Varetek rettstryggleiken til klienten

Forsvararen skal vareta interessene til klienten i saka. Han skal gje klienten råd, og har teieplikt om alt han får vite av klienten. Dersom klienten tilstår overfor forsvararen, men elles bedyrar si uskuld, kan det vere vanskeleg for forsvararen å vareta klienten sine interesser. Forsvararen kan då råde klienten til å tilstå, eller til å skifte forsvarar.

Faste forsvararar

Alle domstolar har faste forsvararar. Desse blir oppnemnde i straffesaker der den tiltalte ikkje har eigen advokat.

Kver er faste forsvararar?

Sjå liste over faste forsvararar for alle domstolar (PDF)