Meny

Ei vitnestøtte er ein frivillig som hjelper personar som skal vitne i ei rettssak. På denne sida kan du lese meir om kva ei vitnestøtte gjer, kvifor vi har ei slik ordning og kven som kan vere vitnestøtte.

Kva gjer ei vitnestøtte?

Vitnestøtta gjev praktisk informasjon om det som skjer i retten, og yter medmenneskeleg støtte og rettleiing til vitna. Dette kan skje både før og etter rettsmøtet. Enkelte gonger kan det vere aktuelt at vitnestøtta gjev støtte også medan rettsmøtet er i gang. Vitnestøtta er nøytral og upartisk i alle saker.

Handbok for vitnestøtte. (pdf, bokmål)

Desse domstolane tilbyr vitnestøtte

Bakgrunn for ordninga

Vitnestøtta skal gje praktisk informasjon om rettsmøtet. Det inneber at vitnestøtta må ha kunnskap om rettsprosessen og rettssystemet, ha evne til å kome i kontakt med folk, og gje sakleg informasjon og fungere støttande. Vitnestøtta må kunne kommunisere utan å involvere seg i saka. Vitnestøtta skal ikkje gje råd om kva vitnet skal seie eller ikkje seie, og oppdraget er avslutta når vitnet forlèt tinghuset.

Arbeidet som vitnestøtte er innretta på vitne i straffesaker. Kvar dag går det i tillegg føre seg sivile saker i domstolane. Også vitne i sivile saker kan vere usikre på kva som møter dei i rettssalen og ha behov for rettleiing. Vitnestøttene skal sjølvsagt gje nødvendig bistand også til dei.

Rettstryggleik, service og frivillig deltaking

”Eit trygt vitne er eit godt vitne” er eit slagord som blir knytt til vitnestøtteordninga. Uttrykket peikar på at eit vitne som kan konsentrere seg om forklaringa si, bidreg til at retten får eit mest mogleg riktig grunnlag for å ta avgjerda si. Dersom vitnet får best mogleg informasjon om det som skal skje i retten, til dømes kven som er kven, og kvar dei ulike aktørane sit, blir frammøtet i retten mindre prega av uvisse.
Røynsla så langt tyder på at vitna også kjenner det slik at uvissa om alt omkring forklaringa minskar ved ei velfungerande vitnestøtteordning. Det vil i så fall seie at ordninga betrar rettstryggleiken.

Ei anna og viktig grunngjeving for bruk av vitnestøtte er serviceaspektet. Ved dei fleste domstolar manglar eige personell til å ta imot og rettleie vitna før dei kjem inn i rettssalen, og etter at dei har forklart seg. Ein får rettleiing i innkallinga til rettsmøtet, og kanskje via brosjyrar og informasjonsskjermar i tinghuset. Dommaren har sjølvsagt plikt til å rettleie, men han er ikkje til stades i ventearealet. Mange vitne må vente lenge før dei får forklare seg, og det er dessverre slik at ein ikkje alltid får melding om forseinkingar. Det er opplagt at vitnestøttene representerer ei vesentleg heving av servicenivået ved domstolane.

I Noreg er vitnestøtteordninga i tillegg basert på frivillig deltaking. Det tyder altså at vitnestøttene er nøytrale; det er ingen bindingar til partane. Dei er heller ikkje tilsette i domstolane, og for vitna har det nok litt å seie at dei får bistand av personar som har meldt seg frivillig til dette vervet, og utan tanke på godtgjersle.

Kven kan vere vitnestøtte?

Vitnestøttene må kunne snakke og forstå norsk, og vere over 18 år. Det er ein fordel at vitnestøttene i ein domstol har spreiing i alder, og gjerne representerer ulik bakgrunn både i yrke og sosialt, og at det også er ei viss spreiing når det gjeld etnisk bakgrunn.

Vitnestøttene bør ikkje vere straffa, og bør ikkje vere tilsette i domstolane, politiet eller kriminalomsorga. Dei bør heller ikkje for tida ha andre roller i domstolane, til dømes som meddommarar. Dei kan sjølvsagt gjerne tidlegare hatt arbeid innanfor dei nemnde etatane.

 

 

Sida vart sist oppdatert: 08.05.2017, kl. 08:16