Meny

Avgjerdene i tingretten kan ankast til lagmannsretten Både den som er domfelt og påtalemakta kan anke, medan fornærma, pårørande og etterlatne ikkje har ankerett.

Ankefristen er på to veker. Den som er fornærma eller krenkt ved ei strafflagd handling, har likevel ikkje rett til å anke straffesaka om han eller ho er misnøgd med dommen i tingretten. 

Kva kan ankast?

Anken kan gjelde

  • bevisvurderinga under skuldspørsmålet 
  • straffutmålinga 
  • saksbehandlinga 
  • lovbruken

Dersom anken frå den tiltalte gjeld bevisvurderinga under skuldspørsmålet, må dette presiserast. Dette inneber at retten skal ta stiling til om tiltalte har gjort det som han er tiltalt for eller ikkje. Då skal lagmannsretten vurdere alle sider av saka, dette kallar vi full ankebehandling. Dersom anken gjeld saksbehandlinga, skal du skildre den feilen som du meiner er gjort. Det er også ein fordel om du forklarer kvifor du meiner at dommen er gal. Dersom det er kome inn nye bevis i saka, bør også dette nemnast.

Ikkje alle ankar blir behandla

Lagmannsretten skal vurdere alle ankar, men ikkje alle ankar blir fremja til full ankebehandling i lagmannsretten, sjå straffeprosesslova § 32 (lenkje til lovdata.no). Dersom lagmannsretten nektar å behandle anken, skal han gje ei skriftleg avgjerd der det skal gå fram kvifor anken ikkje vart teken inn til full ankebehandling.

I saker om forhold som etter lova kan medføre fengsel i meir enn seks år, kan anken vanlegvis ikkje nektast behandling. I saker der påstanden frå påtalemakta var idømming av bot, inndraging eller tap av førarkort, og retten ikkje avsa dom for annan straffereaksjon, er utgangspunktet at anken ikkje blir fremja. Likevel kan lagmannsretten samtykkje til å behandle ei slik sak når saklege grunnar talar for det.

I andre saker kan anken avvisast når lagmannsretten finn det klart at han ikkje vil føre fram. Ein anke frå påtalemakta som ikkje er til fordel for sikta, kan avvisast når retten meiner at anken gjeld mindre viktige spørsmål.

Kven skriv anken?

Forsvararen din kan gje deg råd om du bør anke eller ikkje, og kan hjelpe deg med å skrive ankeerklæringa. Du kan også få hjelp til dette i domstolen, hjå påtalemakta eller ein tilsett i fengselet. Ankeerklæringa må underteiknast av deg.

Saker med inntil seks års fengsel

Dersom strafferamma i saka er inntil seks års fengsel, er lagmannsretten samansett som meddomsrett. Det vil seie at tre fagdommarar og fire meddommarar utgjer retten. Meddommarane blir trekte tilfeldig frå eit utval, det same som for lagrettemedlemer. Det skal vere to kvinner og to menn. Retten er saman om alle avgjerder, og alle har lik stemme. For at tiltalte skal bli kjend skyldig, må fem av medlemane i den store meddomsretten stemme for dette. Alle andre avgjerder bestemmes med alminneleg fleirtal.

Saker med meir enn seks års fengsel

NB: Ordninga med jury (lagrette) er avskaffa frå 1. januar 2018 og erstatta av meddommsrett. Likevel vil det vere einskilde jury/lagrettesakar i domstolene i 2018, les meir om overgangsreglane på regjeringen.no.

Meddomsrett

To fagdommere og fem lekdommere utgjer retten. Det må være et kvalifisert fleirtal blant dei syv for å at den tiltalte skal bli kjend skyldig. Det vil seie at minst fem må stemme for domfelling. I tillegg må minst ein av fagdommarane vere blant fleirtalet. 

Jurysaker

Juryen skal ta stilling til skuldsoørsmålet og består av ti personar. Den skal helst setjast saman med fem kvinner og fem menn. For kvar sak blir medlemene trekte frå utvalet av lagrettemedlemer. Domstolen innkallar alltid fjorten lagrettemedlemer og to varamedlemer.

Tiltalte og påtalemakta kan etter visse reglar velje bort (skyte ut) inntil tre lagrettemedlemer kvar.

Minst sju av dei ti jurymedlemene må stemme for domfelling for at den tiltalte skal bli funnen skuldig. Då skal fire av jurymedlemene delta i straffutmålinga saman med dei tre fagdommarane.

Stemmer færre enn sju for domfelling, så har juryen svart «nei» på om tiltalte er skuldig. Juryen svarer berre «ja» eller «nei» på om ein tiltalt er skuldig utan å grunngje dette nærare.

Orskurden frå juryen kan av omsyn til rettstryggleik opphevast av fagdommarane slik at han må behandlast på ny. Då skal saka gå som meddomsrett. Det kan skje anten dersom juryen har svart at tiltalte er skuldig og fagdommarane meiner at det ikkje er ført tilstrekkelege bevis for dette. Eller det kan skje dersom juryen har svart nei på skuldspørsmål og fagdommarane samrøystes finn at tiltalte utvilsamt er skuldig.

Avgrensa ankebehandling

Dersom lagmannsretten berre skal behandle straffutmålinga i saker der strafferamma er fengsel i inntil seks år, blir saka avgjord av tre fagdommarar. Det skjer som regel etter munnleg forhandling. Når lagmannsretten skal behandle ein anke over straffutmålinga i saker der strafferamma er seks års fengsel eller meir, blir han sett med fire meddommarar og tre fagdommarar.

Retten blir sett med med kun tre fagdommarar om anken gjeld lovbruk eller saksbehandling (det vil seie at lagmannsretten berre skal ta stilling til om tingretten har brukt lova riktig, eller har gjort feil i saksbehandlinga).

Sida vart sist oppdatert: 02.01.2018, kl. 13:05