Meny

Eit besøksforbod går ut på at den forbodet rettar seg mot, får forbod mot å opphalde seg på ein bestemt stad, eller å forfølgje, besøke eller på anna vis eller kontakte ein annan person.

Reglane om besøksforbod finn du i straffeprosesslova kap 17a (lenkje til lovdata.no).

Besøksforbod kan leggjast ned dersom det er grunn til å tru at ein person elles vil

  1. utføre ei strafflagd handling overfor ein annan person 
  2. forfølgje ein annan person, eller  
  3. på anna vis krenkje ein annans fred

Besøksforbodet kan gå ut på at den forbodet rettar seg mot, får forbod mot

  1. å opphalde seg på ein bestemt stad, eller 
  2. å forfølgje, besøke eller på anna vis kontakte ein annan person

Kor lenge gjeld forbodet?

Besøksforbodet skal gjelde for ei bestemt tid, høgst eitt år av gongen.

Det er strengare krav for nedlegging av besøksforbod i eigen heim, og besøksforbod i eigen heim kan vare i høgst tre månader av gongen. 

Saksgangen rundt eit besøksforbod

Påtalemakta skal innan fem dagar etter at ei avgjerd om å gje ein person besøksforbod er forkynt, bringe avgjerda inn for retten. Ei avgjerd om ikkje å gje besøksforbod, kan bringast inn for retten av den eit forbod skal verne.

Retten kallar inn den eit besøksforbod er retta mot og den det skal verne til rettsmøte. Dersom ein ikkje møter opp i rettsmøte, vil retten som regel ta stilling til besøksforbodet med utgangspunkt i saksdokumenta. Det er vanleg at den besøksforbodet er retta mot, møter i retten.

Brot på besøksforbod

Brot på besøksforbod er strafflagd, sjå straffelova § 168 (lenkje til lovdata.no).

Sida vart sist oppdatert: 13.10.2015, kl. 10:20