Meny

I nokre saker kan det under etterforskinga vere nødvendig å avlytte telefonane til dei mistenkte. Gjennom såkalla kommunikasjonskontroll kan politiet høyre innhaldet i alle samtalar, lese SMS og MMS som blir sende og sjå kvar telefonane til dei mistenkte er.

Kommunikasjonskontroll er svært inngripande for den personlege fridomen. Det er derfor strenge vilkår for å kunne tillate kommunikasjonskontroll. Politiet må innhente godkjenning frå retten før dei går i gang..

Kommunikasjonskontroll er regulert i straffeprosesslova kap 16a (lenkje til lovdata.no)

Kommunikasjonskontroll kan berre brukast i dei mest alvorlege sakene. Den vanlegaste sakstypen er ved mistanke om grove narkotikabrotsverk og mistanke om organisert kriminalitet. Det må vere mest sannsynleg at dei mistenkte har utført dei strafflagde forholda. Det er også eit vilkår at avlytting eller kontroll vil vere vesentleg for å oppklare saka, og at oppklaring elles i vesentleg grad vil bli vanskeleggjort.

Dei mistenkte blir naturleg nok ikkje varsla om at politiet ynskjer kommunikasjonskontroll. For å vareta rettane til dei mistenkte, blir det alltid oppnemnt ein advokat  (lenkje til lovdata.no om oppnemningsreglane) som skal vareta interessene deira. Det er også oppretta eit eige kontrollutval som fører kontroll over politiets bruk av kommunikasjonskontroll.

Tidsperioden for kommunikasjonskontrollen blir normalt sett til 4 veker.

Sida vart sist oppdatert: 21.02.2014, kl. 15:18