Varetektsfengsling

Varetektsfengsling inneber at ein som er sikta for ei strafflagd handling, blir sett i fengsel før sjølve straffesaka mot han har starta.

 

Kvifor blir man fengsla før rettssaken?

For at ein sikta skal bli varetektsfengsla, må det vere skjellig grunn til å mistenkje han eller henne for ei strafflagd handling som kan medføre fengsel i meir enn seks månader. "Skjellig grunn" vil seie at det må vere meir sannsynleg at sikta har gjort det han blir skulda for, enn det motsette.

I tillegg må minst éin av desse grunnene vere til stades.

  • Fare for at han rømmer og ikkje møter til rettssaka
  • Fare for at han øydelegg bevis, til dømes ved å kontakte og påverke vitne, trugar vitne eller tilpassar forklaringa si til andres
  • Sterk fare for gjentaking av strafflagde handlingar
  • Sikta sjølv ber om å bli varetektsfengsla

 Lenkje til vilkåra i straffeprosesslova § 171 på lovdata.no 

Bruk av varetekt må vurderast opp mot brotsverket

Varetekt kan ikkje brukast dersom dette vil stå i misforhold til det sikta er mistenkt for. Dommaren skal alltid vurdere om fengslinga representerer eit uforholdsmessig inngrep overfor sikta, og om andre tiltak enn fengsling kan brukast.

Det er er utvida rett til bruk av varetekt i saker der strafferamma er ti år eller meir. Beviskravet blir skjerpa ved at det må liggje føre forhold som særleg styrkjer mistanken. I tillegg skal det leggjast vekt på om lauslating av sikta er eigna til å støyte rettskjensla i ålmenta eller skape utryggleik.
Sjå lenkje til straffelova § 172 på lovdata.no

Må ha vore tilrekneleg

Var sikta ikkje tilrekneleg då dei strafflagde forholda vart utførte, kan han i ugangspunktet ikkje varetektsfengslast. Dersom det er sannsynleg at sak om overføring til tvungent psykisk helsevern blir reist, og vilkåra for varetektsfengsling elles er oppfylte, kan også ein utilrekneleg sikta varetektsfengslast.

Det er politiet som framstiller sikta for dommaren. I fengslingsmøtet møter aktor, og sikta skal alltid ha forsvarar til stades.

Kor lang er fengslingstida

Det skal ikkje gå meir enn tre dagar frå politiet arresterer og varetektsfengslar ein person, til spørsmålet om videre varetektsfengling skal fram for domstolen. I fengslingsmøtet ber påtalemakta om at sikta blir varetektsfengsla for ein nærare definert periode. Mest vanleg er det å be om varetekt i fire veker. Etter å ha høyrt båe sider, avgjer dommaren varetektstida. Når denne tida er over, skal sikta latast laus med mindre påtalemakta ber om forlenga fengsling. Då må det haldast eit nytt fengslingsmøte i domstolen. Sikta kan bli lauslaten tidlegare, dersom grunnen for fengslinga fell bort.

Etter norsk lov er det ingen bestemt frist for kor lenge ein person kan sitje i varetekt.

Internasjonale menneskerettskonvensjonar stiller likevel krav til rettsbehandlinga. Saka skal opp for retten «etter rimeleg tid». Kva som er «rimeleg tid» må sjåast i samanheng med kor kompleks saka er.

Medieforbod og brev- og besøksforbod

Av omsyn til etterforskinga kan retten bestemme at sikta ikkje skal ha tilgang til Internett, aviser, radio eller TV.

Retten kan bestemme at sikta ikkje kan ta mot besøk, sende eller få brev ol. eller telefon. Nokre gonger bestemmer retten at besøk, brevveksling og telefonering berre kan skje under kontroll av politiet.

Fullstendig eller delvis isolasjon

Delvis isolasjon tyder at sikta ikkje får ha samvær med enkelte andre innsette. Det kan vere sikta i same sakskompleks, og blir gjort av omsyn til etterforskinga.

Ved fullstendig isolasjon blir sikta utelukka frå fellesskap med alle andre innsette.

Det er strenge reglar for bruk av isolasjon. Ein prøver også å avgrense kor lenge isolasjonen skal vare, så mykje som mogleg.