Meny

Omgrepet straff blir tradisjonelt definert som eit vonde som staten påfører den som har gjort ei strafflagd handling, for at det skal kjennast som eit vonde.

Oversikt over straffereaksjonar

Det er etaten Kriminalomsorga som er ansvarleg for gjennomføring av straffa. Straffegjennomføringslova (lenkje til lovdata.no) regulerer rammene for korleis straffa skal gjennomførast.

Fengsel utan vilkår

Den som blir dømt til fengsel utan vilkår, må sone straffa i fengsel.

Kriminalomsorga kan lauslate domfelte på prøve når to tredjedelar av straffa, og minst 60 dagar,  er sona. Prøvelauslating gjev ein berre dersom kriminalomsorga meiner domfelte ikkje vil utføre ny kriminalitet i prøvetida.

Kor raskt ein blir kalla inn til soning, avheng av soningskøen. Soning skal skje så nært heimstaden som praktisk mogleg.

Fengsel på vilkår

Den som blir dømt til  fengsel, på vilkår slepp å sone i fengsel, føresett at han oppfyller vilkåra. Straffelova § 34-37 gjev oversikt over kva vilkår retten kan setje for at gjennomføring av straffa blir utsett og til slutt kan falle bort. Les meir i straffelova § 34 på lovdata.no

Straffa fell bort dersom vilkåra er oppfylte. Krav om at domfelte ikkje skal utføre nye strafflagde forhold i ei fastsett prøvetid er alltid eit vilkår. Prøvetida er normalt to år.

Andre vilkår kan vere å:

  • møte fornærma i konfliktrådet og oppfylle eventuelle meklingsavtalar som ein inngår med den som er fornærma i saken
  • opphalde seg på ein bestemt stad
  • gjennomføre utdanning
  • vere avhaldande frå alkohol

Samfunnstraff

Samfunnsstraff er eit alternativ til fengselsstraff. Domfelte blir dømt til å utføre samfunnsnyttig teneste, tiltak eller program i eit visst tal timar, fordelt over ein bestemt tidsperiode. Kriminalomsorga avgjer når og korleis straffa skal gjennomførast.

Samfunnsstraff blir særleg brukt overfor unge lovbrytarar eller personar under rehabilitering for rusmisbruk. 

Dersom domfelte utfører ny strafflagd handling eller ikkje gjennomfører samfunnsstraffa, kan retten avgjere at heile eller delar av straffa skal sonast i fengsel.

Bot

Bot kan brukast anten som den einaste straffa, eller i kombinasjon med fengselsstraff. Dersom ein berre blir dømt til fengsel på vilkår, får ikkje dommen nokon reaksjon for domfelte som kan merkast med det same. Bot blir derfor av og til brukt saman med fengsel på vilkår for å gje domfelte ein reaksjon som kan kjennast.

Storleiken på bota skal setjast ut frå kor grovt det strafflagde forholdet er. I tillegg skal det takast omsyn til den økonomiske situasjonen domfelte er i. Retningslinjer for utmåling av bot finst i straffelova § 53 (sjå lovdata.no)

I promillesaker skal det som utgangspunkt alltid brukast bot som tilsvarer 1 1/2 gonger domfelte si brutto månadsløn.  

Forvaring

Dom på forvaring gjev ein dersom fengselsstraff ikkje er rekna for å vere nok til å verne samfunnet frå lovbrytaren. Sjå vilkåra i straffelova på lovdata.no

Ved forvaringsdom kan den dømte i prinsippet risikere å sitje bak murane resten av livet sitt ved at straffa kan forlengjast med fem år om gongen. Retten skal fastsetje ei tidsramme, med ei minstetid og maksimum 21 år. Men dommen kan seinast forlengjast ut over grensa.

Ein blir dømt til forvaringsdom i staden for fengselsstraff. Minstetida for forvaring skal derfor tilsvare minst den fengselsstraffa ein ville ha fått.

Det er spesielt valds- og seksualforbrytarar eller personar som gjentekne gonger har utført alvorleg kriminalitet og som utset andre personars liv og helse for fare, som kan dømmast til forvaring.

Før ein forvaringsdom kan seiast fram, skal det ha vorte utført ei personundersøking. Retten har også høve til å få utført ei rettspsykiatrisk undersøking av tiltalte.

Under soninga skal den forvaringsdømte gjevast høve til å endre åtferd og tilpasse seg eit liv utanfor murene. Før ei slik endring av åtferd er registrert, vil forvaringsdommen ikkje bli oppheva.

Ei eventuell lauslating på prøve er det berre retten som kan avgjere. Prøvelauslating av forvaringsdømte kan ikkje samanliknast med prøvelauslating ved ordinær soning. Perioden med prøvelauslating kan strekkje seg over ein lang periode, og det er vanleg å stille strenge vilkår som gradvis blir letta på.

Forvaring erstatta i 2002 ordninga med å dømme forbrytarar til sikring på toppen av fengselsstraff.

Tap av rettar

Tap av rettar vil seie at domfelte mister ei stilling, eller at han blir teken frå retten til å ha ei stilling eller utøve ei verksemd eller aktivitet i framtida. Sjå straffelova § 56-59 (lovdata.no).

Tap ar rettar bruker ein når retten kjem til at den strafflagde handlinga viser at vedkomande er uskikka til eller kan misbruke ei stilling, verksemd eller aktivitet. Ålmenne omsyn må også tilseie at tap av rettar er nødvendig.

Strafferettslege særrekasjonar

Personar som var utilreknelege på gjerningstidspunktet kan ikkje dømmast til vanleg straff. 

Det å vere utilrekneleg tyder etter straffelova § 20 (lovdata.no) å vere psykotisk, medvitslaus eller psykisk utviklingshemma i høg grad då han eller ho gjorde den strafflagde handlinga.

I arbeidet med å avgjere om ein person er utilrekneleg, bruker domstolen psykologar og psykiaterar. Desse kallar vi sakkunnige.

Tvungent psykisk helsevern

Dom på overføring til tvungent psykisk helsevern tyder at den domfelte blir overført til spesialisthelsetenesta. Dette vil i praksis seie psykiatrisk sjukehusbehandling for å undersøkje og behandle den psykiske lidinga. Dette er aktuelt dersom den tiltalte var utilrekneleg i gjerningsaugneblinken. I tillegg må det vere nødvendig for å verne samfunnet mot nye alvorlege brotsverk.
Sjå straffelova § 39 om vilkår for når dom på overføring kan brukes.
Sjå lov om psykisk helsevern.

Les meir om begrepet utilrekneleg i Juridisk ordliste

Ein dom på tvungent psykisk helsevern må prøvast av retten kvart tredje år  og kan vare livet ut. Blir personen på eit tidspunkt erklært frisk, vil han bli sett fri. Det er også mogleg å dømme vedkomande til å sone vidare i fengsel. Dette krev at eit vilkår om gjentakingsfare er oppfylt.

Tvungen omsorg

Ein lovbrytar som ikkje kan straffast fordi vedkomande i gjerningsaugneblinken var psykisk utviklingshemma i høg grad (utilrekneleg), kan i staden på visse vilkår dømmast til tvungen omsorg. Eit grunnvilkår for å dømme til tvungen omsorg er at det er vurdert som nødvendig for å verne samfunnet. I tillegg er det eit vilkår at det er nærliggjande fare for at lovbrytaren på nytt vil utføre eit alvorleg brotsverk som krenkjer eller utset for fare andres liv, helse eller fridom. Tvungen omsorg skal skje i ei fagleg eining innanfor spesialisthelsetenesta. Den domfelte kan haldast attende mot sin vilje og hentast attende om han vik unna, om nødvendig med tvang. Tvungen omsorg kan berre oppretthaldast så lenge vilkåra i lova om gjentakingsfare er oppfylt.

Seinast tre år etter siste rettskraftige dom skal påtalemakta anten vedta opphør av reaksjonen eller bringe saka inn for tingretten som avgjer om reaksjonen skal oppretthaldast.

Sida vart sist oppdatert: 14.08.2017, kl. 10:29