Sakskostnader

Oversikt over kostnader knytte til å få behandla ei sak i retten.

Dekning av utgifter til advokat

Om saka som skal i retten ikkje kjem inn under ordninga med fri rettshjelp, må partane sjølv dekkje utgiftene til eigen advokat. Om saka endar med dom, kan den tapande parten måtte betale motparten sine advokatutgifter.

Sideutgifter i ei sak

Sideutgifter er utgifter knytta til ei rettssak som ikkje er knytte til rettsgebyr og salær til advokat. Den parten som krev forretninga, dekkjer også alle utgifter til meddommarar, skjønnsmedlemer, sakkunnige, vitne, omsetjingar, særlege undersøkingar og andre sideutgifter. Dei mest typiske sideutgifter gjeld fagkunnige meddommarar og sakkunnige.

Hovudregelen er at sideutgifter skal betalast forskotsvis, men enkelte advokatar har rett til å betale etterskotsvis. Til liks med rettsgebyr er det saksøkjar som skal betale forskot/dekkje sideutgiftene. Kven som til slutt må bere kostnadene, blir fastsett i dommen/orskurden ut frå reglane om sakskostnader (tvistelova kapittel 20).

Oppdragsstadfesting frå advokaten

Advokatar som er med i Advokatforeningen er pålagde å gje skriftleg oppdragsstadfesting (Advokatforeningen sin nettstad) til klientane sine. Stadfestinga skal opplyse om kva oppdraget går ut på, forventa omfang, korleis salæret vil bli berekna og fakturert og informasjon om klagerett. Alle som bruker advokat, blir rådde til å be om ei slik stadfesting.

Om du synest salærkravet frå advokaten er for høgt, kan du be retten om å vurdere kravet dette, sjå tvistelova § 3-8 på lovdata.no.