Rettsgebyr

Rettsgebyret (R) er eit gebyr som må betales av den som går til sak. Gebyret er frå 1. januar 2019 på 1150 kroner. 

Kven skal betale?

Rettsgebyret skal betalast av den som går til sak eller den som ankar ei avgjerd frå retten.
Dersom ein vinn saka, kan motparten måtte betale rettsgebyret som ein del av avgjerda om sakskostnadene.
Om du ikkje brukar advokat, må du betale rettsgebyr på forskot.

Nokre saker er unnteke

Farskapssaker, foreldretvister og nokre andre typar saker er gebyrfrie. Sjå komplett liste på lovdata.

Sideutgifter kjem i tillegg

I tillegg til rettsgebyr kjem det som blir kalla sideutgifter i samband med rettssaka. Dette kan vera utgifter til sakkunnige, sakkunnige meddommarar, reisegodtgjering til vitne og anna. I sivile saker må sideutgiftene dekkast av partane.

Oversikt over rettsgebyr

Forliksrådet - Sjå www.forliksraadet.no

Sivile saker i tingretten

Inngangsgebyret er 5 x R. Det inkluderer første dag av hovudforhandlinga.
Det skal betalast 3 R for kvar dag til og med dag 5. Deretter kostar det 4 R for kvar dag. Har saken vært i forliksrådet først, så reduseres gebyret med kr 1 322 (1,15 R).

1 dag, (5 R) kr 5 750,-. 
2  dagar, (8 R) kr 9 200,-. 
3 dagar, (11 R) kr 12 650,-. 
4 dagar, (14 R) kr 16 100,-.
5 dagar (17 R) kr 19 550,-.
6  dagar (21 R) kr 24 150,-.
7 dagar (25 R) kr 28 750,-.
8 dagar (29 R) kr 33 350,-.

Avvising eller forlik

Dersom saka blir avvist, nekta fremma eller heva (2 R) = kr 2 300,-
Dersom saka blir forlikt/trekt tidlegare enn 4 veker før hovudforhandling: (2 R)= kr 2 300,- 
Dersom saka blir forlikt/trekt seinare enn 4 veker før hovudforhandling: (2,5 R)= kr 2 875,-

Dersom saka blir trekt eller forlik blir inngått under hovudforhandling, skal det betalast halvparten av fullt gebyr. Det same gjeld om saka blir trekt dagen før hovudforhandling eller om det blir sagt fråværsdom. Eit eksempel: Om det blir inngått forlik på dag to under hovudforhandling, skal halvparten av kr 9 200,- betalast.  

Uteblivelsesdom (fråværsdom): 2,5 R: kr 2 875,-.

Småkravsprosess (tvistelova kapittel 10)

Det skal betalast 3,5 R = kr 4 025,- for småkravssaker. Har saken vært i forliksrådet først, så reduseres gebyret med kr 1 322 (1,15 R).-.

Mortifikasjon

Mortifikasjonssaker: 0,8 R (kr 920,-).

Skjønn

Det skal betalast 5 R for kvar dag det blir halde skjønn=  kr 5 750,-
Dersom skjønn blir heva før første dag: (2 R): kr 2 300,-.

Det same gjeld for overskjønn.

Gebyr for tvangssal, fråvikelse og anna tvangsfullbyrding

For krav om tvangsfullbyrding skal det betalast kr 1 265,- (1,1 gonger rettsgebyret), sjølv om kravet seinare blir trekt eller avvist.

Etter beslutning om tvangssal kommer tilleggsgebyr 6,3 R. Totalt 7,4 R: kr 8 510.

For krav om utlegg, også av tvangsgrunnlag frå utlandet, betalast 1,7 R = kr 1 955,-.

Klage til tingretten i namssaker (1 R) kr 1 150,-.

Tvangsfråviking i tvangssal etter tvangsfullbyrdelseslova § 11-14 er gebyrfritt.

Krav om fråviking/utkasting etter tvangsfullbyrdelseslova § 13-2, 3. ledd, bokstav d og e, (2,1 R) = kr 2 145.

Dersom retten vedtek andre typar tvangsfullbyrding, kjem eit gebyr i tillegg. Oversikt over typar tvangsfullbyrding og gebyr, sjå rettsgebyrloven § 14 (lovdata.no).

Gebyr for mellombels sikring og åtgjerd

Krav om mellombels sikring (arrest og mellombels åtgjerd (2,5 R) kr 2 875,-.

Krav om endring, oppheving eller forlenging av mellombels sikring er gebyrfritt.

Mellombels åtgjerd etter ekteskapslova § 92 (rett til bidrag) er gebyrfritt.

Arrest og mellombels åtgjerd (2,5 R) kr 2 875,-.

Skifte og konkursbehandling

Proklama (2,2  R) =  kr  2 530,-.

Bubehandling av dødsbu er i utgangspunktet (18 R) kr 20 700,-. 
Som regel oppnemner tingretten ein bustyrar. Då blir antallet rettsgebyr å betale halvert (9  R) = kr 10 350. I tillegg kjem salær til bustyraren.

Bubehandling av konkursbu (25 R) kr 28 750,-.

Dersom konkursbehandlinga blir innstilt: (12,5 R) kr 14 375,-. 
Avslått/trekt begjæring om konkurs eller gjeldsforhandling / dersom konkurssaka blir heva (3 R) kr 3 390,-.

Bubehandling av felleseigebu (10,5 R) = 12 075

Forskot til dekning av bukostnader ved krav om offentleg skifte av felleseigebu og dødsbu = kr 30 000,-. (kan variere noko frå tingrett til tingrett).

Forskot til dekning av bukostnader ved krav om om konkurs: (50R) kr 57 500,-.

Førebuande rettsmøte (2 R) 2300 kr. 
Gjeldsforhandlingsbu (5 R) 5750 kr.

Notarialstadfestingar (notarius publicus)

Kr 287,- for notarialattestar (0,25 R).

Oppbevaring av testamente

Å oppbevare eit testament hos ein domstol kostar kr 920,- (0,8 R).

Lagmannsrett og Høgsterett

Anke

Inngangsgebyr ankeforhandling (24 R) = kr 27 600.
Det beløpet gjeld også anke i småkravssaker. Det skal likevel berre betalast 4 R dersom lagmannsretten opphevar dommen etter tvistelovas § 29-12 annet ledd 

Tillegg for hovudforhandling på meir enn 1 dag:

Hovudforhandling i to dagar, til saman: (27 R)
Hovudforhandling i tre dagar, til saman: (30 R)
Hovudforhandling i fire dagar, til saman (33 R)
Hovudforhandling i fem dagar, til saman (36 R)
Hovudforhandling på meir enn fem dagar, tillegg per dag: (4 R)

Saker som ikkje endar med dom

Ved avleia anke: (24 R) = 27 600.
Om anken blir nekta fremma eller heva: (2 R) = kr 2 300,-.
Anke over orskuder og beslutningar: (6 R) = kr 6 900,-.

Om saka blir trekt innan fire veker før hovudforhandling: (2 R) = 2 300 kr.
Om saka blir trekt seinare enn fire veker før hovudforhandling: (12 R) = 13 800.
Om saka blir trekt eller forlik blir inngått i hovudforhandlinga, skal det betalast halvparten av fullt gebyr.

Lova om rettsgebyr (lovdata.no)