Unge vitne

På denne sida får du svar på ofte stilte spørsmål frå vitne.

Eit vitne er ein person som har opplysningar som kan vere relevante for avgjerda i retten. Eit vitne kan eksempelvis ha sett slåsskampen som er grunnlaget for tiltalen, eller vitne kan ha informasjon om tiltale som er viktig å fram.

Den som har vorte utsett for eit brotsverk, kallar ein for den fornærma i saka. Den fornærma forklarer seg også som eit vitne i saka.

Før rettssaka tek til

Kvifor må eg vitne, eg har då gjeve forklaring tidlegare?

Dommarane avgjer saka basert på det som blir lagt fram i retten. Korkje dommaren, forsvarar eller tiltalte var til stades då du forklarte deg for politiet. Opplesing av politiforklaringane er heller ikkje godt nok. Forsvarar må få høve til å stille deg spørsmål.

Kan eg nekte å vitne?

Ingen kan nekte å møte opp i retten. Dei fleste har også plikt til å forklare seg. Er du i familie med tiltalte, kan det hende at du likevel ikkje har plikt til å svare. Dersom du er usikker på om du har forklaringsplikt, ta kontakt med aktor i framkant.

Må eg møte i retten eller kan eg vitne på telefon?

Dersom du bur på same stad som rettssaka går, må du møte i retten. Har du mange timars reiseveg til tinghuset, så kan du spørje aktor på førehand om du i staden kan forklare deg via telefon eller videokonferanse.

Kva skal eg ha på meg?

Ta på deg det du vil, det viktigaste er at du kjenner deg komfortabel. Ytterkleda kan du ta av deg før du går inn, og bruk helst ikkje hue eller caps inne i rettsalen.

Kvar vender eg meg når eg kjem til domstolen?

I alle tinghus er det ein resepsjon der du kan få hjelp til å finne venterommet til rettssalen.

Kan eg ta med meg drikke inn?

Nei, men ofte står det eit vassglas på vitnebordet. Er det tomt, så sei frå til aktor eller rettsbetjenten.

Risikerer eg å treffe gjerningsmannen eller vener og familie av denne personen?

Gjerningsmannen er til stades i rettssalen. Han har rett til å høyre på alle vitna. På den måten får han høve til å kommentere det som blir sagt. Snakk med aktor om du vil unngå å møte nokon på veg inn i domstolen eller medan du ventar på å få sleppe inn i salen.

Kan eg ta med nokon som støtte inn i rettsalen?

Ja, men ikkje andre vitne. Dei du tek med deg, må sitje på tilhøyrarplassane. Dersom du ynskjer at dei skal sitje nærare, så ta det opp med aktor i framkant.

Mor mi (eller far) er også innkalla som vitne, kan ho sitje i salen og høyre på meg når eg skal vitne?

Dersom du er under 18 år, kan mor di sitje i salen og høyre på forklaringa di. Om du er over 18 år, kan ikkje mor di høyre på saka før ho sjølv har forklart seg. Det er mogleg å spørje om mor di kan få forklare seg fyrst.  

Kan eg følgje saka frå start til slutt? (Både før og etter eg har vitna)

Vitne kan ikkje høyre på saka før dei sjølve har forklart seg, men etterpå kan du setje deg på tilhøyrarbenken. Dersom du er fornærma i saka, har du rett til å vere med frå starten sjølv om du ikkje forklarer deg før tiltalte. 

Er det ofte forseinkingar?

Ja. Nokre domstolar har vitnestøtte som er til stades på venterommet eller på eige kontor. Desse har ofte oversikt over om det er forseinkingar. Ved lengre forseinkingar blir vitna ofte varsla.

Kan eg få vite kven andre det er som skal vitne?

Det kan du spørje aktor om. Det er berre dersom du er fornærma i saka at du har krav på å få vite kven som skal vitne.

Kva om eg mottek trugslar frå vener, familie av tiltalte før, under eller etter rettssaka?

Då må du kontakte politiet.

Kan eg skrive om korleis det var å vere vitne på sosiale medium som facebook?

Du har rett til å fortelje kven du vil om korleis det var å vere vitne, men ein bør tenkje seg godt om før ein skriv om slike opplevingar på facebook eller andre nettstader. Det du skriv, kan opplevast som belastande for andre som er del av saka. Det er også ein fare for at andre vitne i saka blir påverka av det du skriv. I enkelte saker kan det vitne skriv på sosiale medium, bli slege opp som sak i nyhenda. Det sikraste er å la vere å skrive noko.

Kven kan eg ringje til dersom eg har nokon spørsmål?

Aktor kan svare på dei fleste spørsmåla som vitne har. Lurer du på korleis rettsalen ser ut, kan du ringje domstolen. Dommaren kan ikkje snakke med vitne på førehand.

Kva om eg kjenner meg så dårleg om morgonen sånn at eg ikkje greier å møte opp?

Dersom du blir dårleg fyrst same dag som du skal forklare deg, må du straks ringje aktor eller retten for å få avklart kva du skal gjere. Du må leggje fram legeattest som stadfester at du er sjuk. Det er ikkje legen som avgjer om du er for sjuk til å møte. Dommaren avgjer om du må møte etter at han har sett legeerklæringa.
 

Kva vil bli vist fram i saka?

Kjem retten til å vise bilete av meg og tiltalte som politiet har beslaglagt (bilete og video tiltalte har teke)?

Ja, det må du rekne med. Spør aktor før rettssaka dersom du vil vite meir om dette.

Eg har blant anna levert frå meg dagboka mi med mine inste tankar i til bistandsadvokaten. Vil utdrag frå denne boka bli vist i retten?

Du må spørje bistandsadvokaten om ho har gjeve boka til politiet. Dersom boka ikkje er levert til politiet, er det du sjølv som avgjer om noko frå dagboka skal leggjast fram.
 

Korleis ser rettssalen ut?

Ein god del domstolar har bilete av rettssalane, sjekk nettstaden for domstolen din (lenkje oversikt) 

Kor nært tiltalte må eg sitje?

Rettssalane er ulike i storleik. Du kan få sjå den før saka tek til. Ta kontakt med domstolen. 

Kan eg be om at tiltalte set seg bak i salen, eller helst går ut når eg skal snakke?

Dette må du spørje aktor om, helst nokre dagar før rettssaka. Den tiltalte kan ikkje tvingast til å flytte på seg.

Kven sit og høyrer på i retten?

Nesten alle rettssaker er opne for alle. I dei fleste sakene er det likevel ikkje andre til stades enn dei som deltek i saka. Dersom du skal forklare deg om svært personlege ting, kan du be aktor/dommaren om å få forklare deg utan tilhøyrarar til stades. Det er då opp til dommaren å avgjere dette.

Kjem det journalistar?

Det avheng av om saka er interessant for media. Journalistane bruker uansett ikkje å namngje vitne som forklarer seg. Dersom du lurer på kva dei kjem til å skrive, kan du spørje. Då plar dei å vere opne om det, men dette er ikkje noko du har ein klar rett på å få vite.

Må foreldra mine vere til stades?

Nei, men dersom du er under 18 år, har foreldra dine rett til å vere til stades. Det vil seie at du ikkje kan nekte dei å vere med.

Er det lov å be om pausar?

Ja.

 

Kva slags spørsmål får eg – og av kven?

Kan tiltalte stille meg spørsmål?

Nei, det er forsvararen som spør på vegner av den tiltalte.

Kva om tiltalte stirar sånn på meg slik at eg ikkje greier å svare på spørsmåla?

Dersom dette skjer, så sei frå til dommaren. For ikkje å bli forstyrra kan du tenkje på at du skal svare berre til dommaren. Hjelper ikkje det, så be om pause og forklar situasjonen til aktor.

Må eg gje opp namn og adresse i retten?

Dommaren vil spørje deg om namnet ditt, adressa di og fødselsdato. Dersom du ikkje vil seie adressa di slik at tiltalte høyrer det, må du snakke med aktor før rettssaka.

Må ein "sverje på bibelen" før ein forklarer seg?

Nei. Men vitnet skal gje ei forsikring. Vitnet blir bede om å reise seg, så spør dommaren:

«Forsikrar du at du vil forklare den reine og fulle sanninga og ikkje leggje skjul på noko?»

Vitne blir bede om å svare: (og dette treng du ikkje å pugge fordi dommaren også seier det)

«Det forsikrar eg på ære og samvit.»

Kva om eg tek til å grine?

Då spør du om ein pause. Som oftast vil dommaren uansett seie at saka tek ein pause dersom han ser at du grin.

Kor detaljerte er spørsmåla eg får?

Det varierer. Vitne til eit brotsverk må rekne med spørsmål om detaljar. Dato og tid er ofte viktig. Det er lov å ha med seg ein hugselapp med stikkord, men du kan ikkje skrive ned alt du vil seie. Ikkje ver redd for å få jernteppe. Spørsmåla er så konkrete at det er lett å svare. Får du problem, så vil spørsmålet bli stilt på ein annan måte for å hjelpe deg. Nokre gonger tek ein også ein pause slik at vitnet får tenkt seg om. Du må førebu deg på å seie alt du veit om saka så oppriktig som mogleg. Du kan ikkje vite kva som vil vere viktig for retten. Dersom dommaren meiner du blir for detaljert, så seier han frå om det. Er du usikker på om du bør svare på eit spørsmål, så spør om dette. Dei fleste vitne har også forklart seg for politiet. Dersom du hugsa meir då du forklarte deg for politiet, kan delar av politiforklaringa bli lesen opp.

Kor lenge varer eit vitneavhør?

Frå fem minutt til ein sjeldan gong fleire timar. Du kan spørje aktor om kva han forventar.

Kven stiller meg spørsmål?

Aktor, forsvarar, alle dommarane og eventuelt bistandsadvokat og sakkunnige kan stille deg spørsmål. Den som har bede deg om å stille som vitne, er fyrst ute med sine spørsmål.

Kva slags spørsmål kan forsvarar stille meg?

Forsvarar stiller ofte spørsmål som skal gjere det meir usikkert om tiltalte faktisk har gjort det han er tiltalt for. Spørsmåla frå forsvararen kan derfor av og til vere fokusert på detaljar der andre vitne har sagt noko anna enn deg. Du skal uansett konsentrere deg om å svare så oppriktig som mogleg på alle spørsmål. Dommaren har ansvar for at både aktor og forsvarar ikkje stiller upassande spørsmål.
 

Opptak av forklaringa

Vil nokon kunne gjere lydopptak eller filme forklaringa mi?

Nei. Domstolen gjer veldig sjeldan lydopptak. Heller ikkje tilhøyrarar har lov til å ta opptak med mobil eller liknande. Desse skal vere slegne av i retten. TV-selskap har heller ikkje lov til å filme etter at saka har starta.

Etter eg har forklart meg

Kva om eg kjem på noko etterpå, som eg skulle ha sagt i rettssalen.

Ta straks kontakt med aktor og fortel om det.

Bør eg sitje og høyre på tiltalte si forklaring?

Det er berre den som er fornærma som har rett til å høyre på tiltalte si forklaring. Det er ikkje mogleg å gje eit generelt svar på kva som er riktig.

Når får ein vite kva dommen vart?

Dersom du har erstatningskrav mot tiltalte, blir dommen send til deg. Har du bistandsadvokat, vil bistandsadvokaten kontakte deg når dommen er klar. Andre vitne må sjølv kontakte politiet eller retten for å få kopi av dommen.

Kva skjer med tiltalte?

Dersom tiltalte blir dømt, er det ulike former for straff. Fengsel på/utan vilkår, samfunnsstraff eller bot er dei mest vanlege typane straff.

Kan saka bli anka og må eg då vitne på nytt?

Ja, både tiltalte og politiet kan anke dommen. Ankefristen er to veker. Dersom det blir ankebehandling i lagmannsretten, må du vitne på nytt. Forklaringa di i tingretten blir ikkje teken opp.